Meir til oljeutvinning

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nyleg melde Verdens Meterologiorganisasjon at konsentrasjonen av CO2 i atmosfæren var rekordhøg i 2012. Den er no 41 prosent høgare enn i 1750.

Konsentrasjonen aukar i tillegg stadig raskare, ifølgje Senter for klimaforsking.

Vil auke innsatsen innan petroleumsforsking
Ifølgje den siste rapporten frå FNs klimapanel vil vi kunne oppleve temperaturar som er 4,5 grader høgare enn i førindustriell tid innan år 2100, dersom utsleppa held fram som i dag.

Auken i CO2-konsentrasjonen er den viktigaste årsaka til menneskeskapte klimaendringar. Desse utsleppa kjem først og fremst frå fossile brennstoff, som olje og gass, og frå avskoging i tropiske strøk.

LES OGSÅ: Oljeinntektene stuper dei neste åra

I dag la finansminister Siv Jensen fram regjeringa sin tilleggsproposisjon til Statsbudsjettet. Ifølgje Miljøverndepartementet vil regjeringa forsterke miljøprofilen i budsjettet med om lag 4 milliardar kroner.

Samstundes vil regjeringa auke innsatsen innan oljeutvinning og petroleumsforsking, ifølgje Olje- og Energidepartementet.

Auken skal mellom anna styrke forskingsprogramma PETROMAKS 2 og DEMO 2000. Det vil medverke til å auke utvinningsgraden på norsk sokkel.

Samarbeid om karbonfangst
I tillegg er fangst og lagring av CO2 ein viktig del av regjeringa sin klima- og energipolitikk, ifølgje olje- og energiminister Tord Lien.

– Ambisjonen er å realisere minst eitt fullskala demonstrasjonsanlegg for CO2-fangst innan 2020. Dette er ein krevjande ambisjon, og då er det desto viktigare å gjere dei riktige tinga, seier Lien.

Dermed føreslår regjeringa mellom anna å løyve 50 millionar kroner til vidareutvikling av senteret på Mongstad i 2014.

NPK meldte i dag at Noreg og USA har vorte einige om å styrkje samarbeidet om uttesting av karbonfangst.

Målet er å skunde på utviklinga av teknologien, seier USAs energiminister Ernest Moniz og den norske olje- og energiministeren.

– Vi har vorte samde om å løfte samarbeidet om karbonfangst til eit nytt nivå, seier Lien.

LES OGSÅ: – Mindre til korps og speiding

Olje- og energiministeren meiner at karbonfangst er eitt av fleire verkemiddel som må til for å få ned utsleppa frå fossile energikjelder som kol, olje og gass. Den nye teknologien må nyttast globalt, og det krev samarbeid over landegrensene, ifølgje Frp-statsråden.

– Vi er alle einige om at vi må dele idear, kunnskap og erfaring dersom vi skal finne kommersielle løysingar.

Nettverket av testsenter vart etablert i 2012. Testsenteret på Mongstad er del av dette nettverket saman med sju andre testsenter i USA, Canada, Storbritannia, Tyskland og Japan.

Vil satse på tiltak heime
Klima- og miljøvernminister Tine Sundtoft (H) seier at regjeringa vil styrke klimaforståinga ved å satse på klima- og miljøtiltak på heimebane.

Blant regjeringa sine forslag er følgjande:

Meir til giftopprydding og vasskvalitet: 15 millionar kroner til vassforvalting, for å forbetre vassmiljø og rydde opp i miljøgifter. Fire millardar kroner til oppryddingsaktivitetar i forureina sjøbotn.

• Mindre til klima- og skogsatsing: Kutte løyvingane til klima- og skoginitiativ med 400 millionar kroner, frå 3 til 2,6 millardar kroner. Dersom det blir behov for ekstra midlar, vil regjeringa auke løyvingane opp til tre milliardar kroner.

• Tilpassa kompensasjonsordning: 120 millionar kroner til ei CO2-kompensasjonsordning for industrien.

• Mindre til Miljødirektoratet:Redusere driftsbudsjettet til Miljødirektoratet med 15 millionar kroner, som følgje av samanslåinga av Direktoratet for naturforvaltning og Klima- og forurensningsdirektoratet.

• Meir til frivillige miljøorganisasjonar: Auke stønaden til frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige miljøstiftingar med kring 1,8 millionar kroner samanlikna med statsbudsjettet for 2013.

LES OGSÅ: Så mykje vil regjeringa bruke på veg

Langt frå nøgd
Leiar i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken, er langt frå nøgd med forslaget som dei blåblå la fram i dag.

– Budsjettutkastet inneheld fleire tiltak som aukar forureininga og øydelegginga av norsk natur, heiter det ei pressemelding på forbundet sine heimesider.

Ifølgje Haltbrekken legg regjeringa opp til:

• Satsing på veg framføre jernbane, og dermed auka utslepp.

• Meir oljeverksemd.

• Meir utbygging av natur.

• Mindre energisparing. Dei blåblå droppar Stoltenberg-regjeringa sitt forslag om auke i CO2-avgifter og pengane til Solberg-løftet om skattefrådrag for ENØK-tiltak manglar.

• Kutt til Miljøforvaltinga, som skal sørgje for grunnleggjande kunnskap om naturen, og meir pengar til forsking på oljeutvinning.

LES OGSÅ: Droppar studiestøtte i 11 månader