Erling Laugsand er innstilt som leiar for Senterungdommen. Han vil la kommunane bestemma meir sjølv.

mm
Faktaboks

Erling Laugsand (24)

Frå: Averøya i Møre og Romsdal
Aktuell: innstilt av valkomiteen som neste leiar av Senterungdommen. Landsmøte i Ålesund 8.–10. november.
I dag: sentralstyremedlem i Senterungdommen, studerer industriell økonomi ved NTNU.
Medlem i: Ungdom mot EU, Tekna og Norges Jeger- og Fiskerforbund.
Hobby/interesser: friluftsliv, kiting, klatring og lesing.

LES FAKTALUKK FAKTA

Fredag byrjar landsmøtet til Senterungdommen. Får valkomiteen det som dei vil, blir Erling Laugsand ny leiar for ungdomspartiet til Senterpartiet.

– Vanlege folk har for liten påverknad på sin eigen kvardag. Me må gi dei større høve til å påverka kvardagen sin, og gi innhald til alt snakket om meir openheit og demokrati.

Erling Laugsand vil ha ein gjennomgang reguleringar og lover for å sjå om nokon av dei kan avviklast.

– Me må tåla å sjå større ulikskapar mellom kommunane. Så lenge det er eit uttrykk for folkemeininga lokalt, må kommunane få bestemma meir over korleis dei bruker pengane sine på sjukeheimar, skule og næringsutvikling. Det vil gi eit levande lokaldemokrati.

LES OGSÅ: Senterpartiet kan få fleirtal i Stortinget

Må skapa sentrum i politikken
Etter åtte år i regjering med Arbeidarpartiet og SV må partiet finna seg ei ny rolle som del av opposisjonen på Stortinget.

– Eg trur det som er viktig er å byggja alliansar med partia i sentrum som me har samarbeidd med før. Men det ser også ut til at me kan bli samde med Frp og Høgre i ein del saker, seier Erling Laugsand. Han utelukkar heller ikkje framleis samarbeid med dei raud-grøne regjeringskameratane.

– Det viktigaste blir å setja politikken i sentrum og jobba for å skapa fleirtal for Sp-politikk – anten det er snakk om næringspolitikk, miljø, landbruk eller EU – gjennom samarbeid med parti og interesseorganisasjonar.

LES OGSÅ: Ungdomspartia er rekordstore

Sosialistisk senterparti
I eit innlegg på Minerva måndag tok noverande leiar i Senterungdommen, Sandra Borch, til orde for å ta avstand for merkelappen Sosialistisk senterparti.

– Eg opplever ikkje at det er mange som bruker den merkelappen. Når det er sagt, er det lite konstruktivt med slike merkelappar. Me må snakka om vårt eige prosjekt, og ikkje definera oss utifrå dei andre polane i norsk politikk.

– I innlegget til Sandra Borch tar ho til orde for reformering av velferdsstaten. Korleis meiner du velferdsstaten bør reformerast?

– Det er eit veldig stort spørsmål. Men for å ta ein del av det: veldig mange står i dag utanfor arbeidslivet. Det er ei veldig stor utfordring.

Erling Laugsand meiner at ein samstundes med ei reformering av velferdsstaten, må sjå på ei reformering av folkestyret.

LES OGSÅ: Livet er herlegare enn nokon gong

Meir folkestyre
– Kva er det som er ideologien til Senterpartiet?

– For meg handlar det om folkestyre. At flest mogleg skal involverast på avgjerslene som skal takast. I tillegg handlar det om berekraft og forvalting av naturen – der me bruker naturen utan at det går ut over berekrafta. Og så handlar det om desentralisering – at alle skal ha like høve uansett kvar ein bur.

– Senterpartiet enda så vidt over sperregrensa i valet, og oppslutninga har gått gradvis nedover sidan rekordvalet i 1993. Korleis skal partiet få auka oppslutninga i komande val?

– Det er spennande den prosessen me no går inn i. Me må ta fleire kontroversielle standpunkt. Me må bli flinkare til å visa at den praktiske politikken vår henger saman ideologien og den overordna politikken vår. Eg føler at det er mange som deler synspunkta våre, men ikkje så mange som ser oss som det fremste partiet på viktige spørsmål for oss som helse, miljø og næring.

Flytting av oppgåver og flytting av makt er meir kontroversielt enn mange ser det, meiner Laugsand. Han vil at ein ser på om det er nokre oppgåver som staten driv med som dei ikkje treng driva med.

Les fleire saker om Senterungdommen her!

Vil invitera inn ungdom
– Kva var det som gjorde at du engasjerte deg i Senterungdommen?

– Det var konkrete saker som motstand mot EU, god miljøpolitikk og distriktspolitikk. Men det er verdiane bak standpunkta som har gjort at eg har blitt i partiet. Når me er mot EU så handlar det om at me set folkestyret høgt.

– Kvifor er det bruk for Senterungdommen i norsk politikk?

– Me skal vera ein kreativ og konstruktiv idéverkstad som utfordrar både ungdom og dei politiske partia.

– Korleis meiner du ein kan sikra at meiningane og problema til ungdom som ikkje er engasjerte eller medlem av eit parti kan nå fram til dei som styrer?

– Eg meiner at me som driv med politikk aktivt skal oppsøkja dei, invitera dei inn og lytta til dei. Samtidig vil eg fortelja om kor bra eg synest det er at folk er medlem i parti og får delta i utforminga av politikken.

– Kva blir forskjellen på deg som leiar av Senterungdommen og avtroppande leiar Sandra Borch?

– Det er ikkje store politiske forskjellar mellom oss, sjølv om me kanskje har nokre ulike interesser, utan at det er lett å setja fingeren på.

Sandra Borch har dei siste åra vore den nest mest profilerte ungdomspartileiaren i Noreg, etter Eskil Pedersen. Berre så langt i år norske medium nemnt namnet hennar over 4400 gonger.

– Ho har vore veldig flink til å profilera Senterungdommen i media. Eg trur det blir vanskeleg å gjera etter ho på det feltet, men eg vil prøva å profilera Senterungdommen så godt eg kan.

QUIZ: Kva veit du om Senterpartiet?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47
ANNONSE