Sp kan syte for regjeringsfleirtal i Stortinget

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan syte for fleirtal på Tinget

Til Vårt Land seier nestleiar i Senterpartiet, Ola Borten Moe, at partiet kan vere villig til å danne fleirtal med regjeringspartia aleine i saker der Sp har interesser, for eksempel regulering av motorferdsel i utmark og rovdyrpolitikken.

– Partileiaren min Liv Signe Navarsete sa valnatta at Sp no skal inn i rolla som eit konstruktivt opposisjonsparti. Det er eg samd i, seier Borten Moe til avisa.

Mindretalsregjeringa med Høgre og Frp treng berre støtte frå eitt av opposisjonspartia for å få fleirtal i Stortinget.

Verken Høgre-nestleiar Jan Tore Sanner eller Oscar Grimstad, stortingsrepresentant for Frp, ser vekk frå eit samarbeid med det tidlegare raudgrøne regjeringspartiet Sp i enkeltsaker, skriv Nationen. (©NPK)