Kritisk norskundervisning

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg var skeptisk før me starta, seier Aleksander Hesbø til Foreningen !les, som står bak Ungdommens kritikarpris, og legg til:

– Eg tenkte det vart altfor mykje jobb, men når me no er i gang så går det betre enn venta.

LES OGSÅ: – Nynorsk litteratur har aldri stått sterkare

Lesejobb
Før det i mars neste år vert klart kva roman som stikk av med Ungdommens kritikarpris, skal elevar ved sju norske vidaregåande skular ploge seg gjennom dei fem nominerte romar, to diktsamlingar og ei novellesamling:

 

·         Lars Mørch Finborud: De svarte skiltene

·         Nikolaj Frobenius: Mørke grener

·         Roy Jacobsen: De usynlige

·         Merethe Lindstrøm: Arkitekt (noveller)

·         Steinar Opstad: Å, høye dag (dikt)

·         Agnes Ravatn: Fugletribunalet

·         Øyvind Rimbereid: Orgelsjøen (dikt) 

·         Jan Jakob Tønseth: Prosten

 

Her kan du lese juryens grunngjevingar for nominasjonane.

Padlarane Aleksander Hesbø og Aurora Hofman er elevar ved Wang toppidrettsgymnas. Med skulearbeid, plass på juniorlandslaget og 15 timar trening i veka er det ikkje mykje tid til overs, men no skal òg lesinga prioriterast.

LES OGSÅ: Får strålande kritikkar

Saknar Nesbø
Dei har allereie kome seg gjennom « Prosten», «De usynlige» og er i gang med «Fugletribunalet» av Agnes Ravatn.

For begge dei ferske kritikarane inneber juryarbeidet møte med mange nye forfattarar. Roy Jacobsen er den einaste Aurora kjenner til frå før.

Aurora trekkjer fram «Fugletribunalet» som ein foreløpig favoritt.

– Det er den eg er vorten mest riven med av. Og så er den annleis enn andre bøker eg har lest. Men «De usynlige» er òg interessant.

På lista mellom dei nominerte saknar ho bestseljaren Jo Nesbø.

Òg Aleksander har eit forhold til Nesbø sine bøker. Han ser ikkje på seg sjølv som ein storlesar, medan Aurora har gleda seg til utfordringa.

– Eg les ganske mykje og Ungdommens kritikarpris høyrdes meir morosamt ut enn vanleg norskundervisning. Det er fint med eit litt annleis prosjekt, tykkjer ho.

Faktaboks

Dette er juryen:

· Fyrstikkalleen vidaregåande skole – VG1 – allmennefag (Oslo)

· Kristiansund vidaregåande skole – VG3 Teknisk allmennefag  (Møre og Romsdal)

· Meløy vidaregåande skole – VG2 allmennefag (Nordland)

· Fagerlia videregående skole – 3ST2 allmennfag (Internasjonal klasse) (Møre og Romsdal)

· Trysil vidaregåande skole – VG3 allmennefag (Hedmark)

· Vågen vidaregåande skole – VG2 media og kommunikasjon (Rogaland)

·         Wang vidaregåande skole – VG3 toppidrett (Oslo)