– Pelsdyrnæringa har inga framtid

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norges Pelsdyralslag arrangerer denne og neste månad fleire informasjonsmøte for bønder i heile landet for å auke rekrutteringa til næringa, fortel Nationen.

Rasmus Hansson (MDG) åtvarar bønder mot å gå i det han kallar ei «pelsdyrfelle».

– Samfunnet har endra syn på kva som er akseptabelt dyrehald. Pelsdyrnæringa møter stadig større folkeleg og politisk motstand og har inga framtid, seier Hansson til Nationen. Han meiner motstanden botnar i eit grunnleggjande dyreveldferdsproblem, som næringa sannsynlegvis ikkje kan løyse med dei justeringane dei signaliserer.

Norsk Pelsdyralslag viser til at den nye regjeringa ikkje går inn for avvikle næringa, og meiner dyrevelferden speglar seg att i kvaliteten på produktet.

– Norsk pels blir rekna for å ha svært god kvalitet og blir riven vekk på auksjonane, seier Guri Wormdahl, i informasjonssjef i Norges Pelsdyralslag. Ho viser også til at norsk pels er sertifisert og med det produsert etter visse reglar.

Eit regjeringsoppnemnd utval er venta å leggje fram sin rapport om pelsdyrnæringa om eit års tid. (©NPK)