– Vindparkstøy kan vere skadeleg for dyr i havet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan skada dyr i havet

Det er britiske og amerikanske forskarar som har målt kor skadeleg slik støy frå vindpark-bygging i havet kan vere for havdyr, fortel Forskning.no. Det er først og fremst steinkobben, også kalla fjordsel, forskarane har sett på.

Studien viser at høyrselen til dyra kan bli skadd, noko som kan gjere selane enklare å ta for rovdyr. I tillegg kan selane bli drivne vekk frå jaktområda dei føretrekk, og det kan skape større konkurranse andre stader, ifølgje Forskning.no.

Dei britiske og amerikanske forskarane trur kunnskapen om skadar kan kome til nytte når det blir vurdert å byggje nye vindparkar i havet. (©NPK)

LES OGSÅ: Vindmøller til havs kan knekke som fyrstikker