EU vil ha mindre fart i støvsugarane

EU vil redusere effekten i støvsugarar og europeiske hybelkaninar går dermed tryggare tider i møte.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

EU vil ha mindre fart

Mange moderne støvsugarar har i dag ein effekt på mellom 1.800 og 2.200 watt, men det skal det no bli slutt på, skriv den danske avisa Jyllands-Posten.

EU-kommisjonen har no vedteke nye reglar, og frå september 2014 får støvsugarar som blir selde i EU maksimalt ha ein effekt på 1.600 watt.

Målet er at gjennomsnittseffekten i 2017 skal vere kome ned i 900 watt.

Formann for EU-kommisjonen, José Manuel Barroso, har tidlegare uttalt at dette kan spare elektrisitet tilsvarande produksjonen i fire atomkraftverk. (©NPK)