Filmsensuren fyller 100 år

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har klipt vekk sex og vald i 100 år

– Då «Life of Brian» vart ulovleg i Noreg, fordi Statens Filmkontroll meinte han var blasfemisk sa dei i Sverige at filmen var: «så morosam at han var forboden», fortel Sita Jacobsen, museumspedagog ved Filmmuseet.

Det var i det herrens år 1980 at norske kinosjåarar ikkje fekk sjå Brian syngje «Always look on the bright side of life» frå krossen. Etter ein diskusjon vart filmen likevel synt med nokre bortklippa scener og ein fortekst som forklara at Brian ikkje var Jesus.

LES OGSÅ: Vil forby blasfemi i FN

Kvinna med saksa
For hundre år sidan – i 1913 – vedtok Stortinget at film måtte førehandskontrollerast, og med det vart Statens Filmkontroll fødd.

I samband med jubileet har Filmmuseet ei utstilling om norsk sensur gjennom hundre år. Ei teikning av kvinnesakskvinna Fernanda Nissen med filmrull og saks frontar utstillinga. Ho var ein pådrivar for sensurordninga og vart den fyrste kvinna i norsk filmsensur.

–Når det kjem eit nytt medium fryktar ein effekten av dette. I tillegg var det på 1800-talet sedelegheitsforeiningar som arbeidde for å forby prostitusjon. Etter at prostitusjon vart forbode er det ein teori at dei trong ein ny leiestjerne, og når filmen kom i 1904 vart det den neste store kampsaka, fortel Sita Jacobsen museumspedagog ved Norsk Filminstitutt.

Det var sedelegheitsforeningane, saman med lærarane som pressa gjennom ei sensurordning. Motførestillingane var få, men Hovudargumentet var for å beskytte borna, noko me framleis gjer i dag, ikkje ved sensur men med aldersgrenser sett av Medietilsynet.

LES OGSÅ: – Born blir brukt for å sensurere på nett

Filmrull mellom Oslo og Trondheim
I byrjinga var det berre stumfilm og terskelen for å klippe vekk scener låg. Dei fem første åra med filmsensur vart 400.000 meter med filmrull offer for saksa. Det er om lag like langt som avstanden Oslo-Trondheim – målt i luftline. 

Filmsensuren sat i ein kinosal med telefonforbindelse til maskinisten. Såg dei noko som etter deira skjønn kunne "krenke ærbarheit" eller verke "moralsk nedbrytande” på samfunnet vart filmen stoppa og maskinisten bede om å klippe – bokstaveleg talt.

Dei første åra var det ingen aldersgrenser og all film vart sensurert slik at det passa born.  I 1921 kom 16-årsaldersgrensa, som markerte skiljet mellom vaksenfilm og barnefilm.

LES OGSÅ: Feirar 100 år med norsk animasjon

Kritisk Barneombod
Filmsensur er stadig like aktuelt og omdiskutert, 100 år etter at filmlova, eller lov om film og videogram, kom. Eit utkast til ei ny lov om å verne mindreårige mot skadelege biletprogramfrå Kulturdepartementet er no ute på høyring. Dei vil gjere om dagens aldersgrenser og gje føresette større fridom til å ta med barn som er under aldersgrensa.

I dag kan filmar verte stempla med “tillate for alle”, 7-årsgrense, 11-årsgrense, 15-årsgrense eller 18-årsgrense. Ifølgje med føresette kan  born som er tre år yngre enn aldersgrensa sjå filmane.

Dei nye føreslegne aldersgrensene er “tillate for alle”, 6 år, 9 år, 12 år, 15 år og 18 år. I tillegg er forslaget å gje foreldre større fridom til å ta med yngre born på kino. Barneombodet har allereie stilt seg kritiske til at foreldre i større grad får høve til å “bryte” aldersgrensene.

–Eg tykkjer dei grensene me har i dag er ganske fine, men ein må alltid vurdere filmen, ikkje berre sjå på aldersgrensa, meiner museumspedagogen, og utdjupar:

–Eit døme er filmen «Ted» der mange foreldre trudde han var barnevennleg berre fordi det var ein bamse i hovudrolla. Mange trur òg at animasjonsfilm er synonymt med barnefilm.

LES OGSÅ: Føreslår nye aldersgrenser

Normvitne
Kva barn skal sjå òg ikkje er stadig tema for Medietilsynet, som er i dag set aldersgrenser for filmar som skal distribuerast i Noreg.

I 2004 slutta Noreg med filmsensur, men fram til då vart over 1500 filmar stogga, ofte i moralens namn. Mellom dei mest kjende er den japanske «Sansenes rike» (1976), som var ulovleg i Noreg i heile 25 år. Filmdistributøren Arthaus var dei fyrste som klaga inn eit forbodsvedtak til Klagenemda for film og videogram og fekk medhald.

– Å sjå kva som vart sensurert bort kan seie mykje om kva normer, tankar og politikk som var rådande på den tida, meiner Jacobsen.

– Ein trudde at om arbeidarklassens born gjekk på kino og såg ei skapsprenging, så var det ei direkte oppskrift på lovbrot.

Museumspedagogen trur ikkje frykta for etteraping frå filmscener er heilt grunnlaus og kjem med eit døme.

– Ein har jo sett filmar med politikarar som får bløytkake i andletet. Dette er jo kjend frå gamle Chaplin-filmar, så det kan godt hende det er der det kjem ifrå.

LES OGSÅ: Veksesmerter i film-Noreg

(Artikkel held fram under bildet)

Sensurkortet for filmen Månen i rennesteinen, som vart godkjend utan klipp.

Film over svenskegrensa
Medan ein i byrjinga var mest redd for enkle valdsscener i stumfilm vart etter kvart erotikken eit hovudfokus for moralsaksa på 1920-talet. Men det som ein gong var korte skjørt og dristige leggar, ser tekkeleg og uskuldig ut for moderne sjåarar.

Når det næra seg andre verdskrig var det tendensar til politisk sensur, trass i at dette ikkje var lov. Ein var redd for å fornærme nokon av dei allierte. Under krigen var sensuren enda strengare, då det ikkje var lov å syne amerikanske eller britiske filmar på kino. Klassikarane «Tatt av vinden» (1939) og «Casablanca» (1942), kom først til Noreg etter freden kom.

På 60- og 70-talet var ein redd for ein seksuell revolusjon, då gamle og nye verdiar kolliderte. Svenske «Jag är nyfiken – gul» (1967) vart forbode i Noreg. Men ivrige filmentusiastar sette opp bussturar til Sverige, slik at ein for 40 kroner og 50 øre kunne sjå filmen, som utfordra datidas seksualmoral.

Oppfølgjaren «Jag är nyfiken – blå» vart òg for sensuell kost for Statens filmkontroll.

Spagettiwestern-sjangeren gav i same periode kinovalden ein oppsving. «Den gode, den onde og den grusomme» (1966) med Clint Eastwood i hovudrolla vart ikkje tillate på norske kinoar før 1982.

«Motorsagmassakren»frå 1974 vart forbode i både Noreg, Sverige, Finland, Island og Tyskland.

Det siste tabu
I tillegg til vald og sex fekk filmsensuren eit nytt problemområde: dop. For på same måte som ein frykta at born kunne lære skapsprenging, frykta ein at dei kunne lære å setje sprøyter. Men filmar som var forbodne på kino kunne likevel verte nytta i opplæringa på ungdomsskulen.

Filmsensuren vart stadig meir liberal, men nokre område var framleis tabu. I 1992 vart den franske filmen «Kald måne»basert på to noveller av Charles Bukowski forbode på grunn av nekrofile skildringar.

Til dags dato er det framleis ulovleg med kjønnsorgan i rørsle på film. Likevel passerte den mykje diskuterte gruppesexscena i Lars von Triers «Idiotene» (1998) sensuren.  

I 2003 vart alle tidlegare forbod av filmar oppheva. Året etter var det slutt på filmsensur. Når filmar seinare har vorte ulovlege i Noreg er det med heimel i straffelova. Eit døme på dette er «A serbian movie»(2010), ein av tre filmar som vart forbode i 2011.

Å sjå bortklipte scener frå filmsaksa sine glanstider kan vere både morosamt og skrekkeleg ubehageleg.

– Det er ikkje enkeltscener, men heilskapen i filmen som er viktig, meiner Jacobsen.

I nokre tilfelle kan ein mistenkje nokon for å ha vore litt for ivrige med saksa. Emil i Lønneberget som heisar veslesystera Ida opp i flaggstonga gjekk fint på kino, men scena vart klipt vekk for norske tv-sjåarar.

LES OGSÅ: Krev forbod mot Statoil-film

 

 

Faktaboks

1913: Statens filmkontroll vert skipa
1987: Ny film og videolov
1993: Statens filmkontroll og videogramregisteret vert Statens filmtilsyn
2004: Ikkje lenger førehandssensur av filmar med 18-årsgrense
2005: Medietilsynet vert skipa og tek over førehandskontrollen.