Teknologioptimistisk Høgreparti

Synnøve Kvamme
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Naiv tru på teknologien

Under ein debatt om teknologioptimisme på Studentersamfunnet i Bergen denne veka var Høgre sin miljøpolitiske talsperson, Nikolai Astrup, med i panelet.

På spørsmål om Høgre sine ambisjonar om å oppretthalda norsk oljeproduksjon og full leiteverksemd, svara han at ingen var tent med at Noreg legg ned oljeproduksjonen i morgon. Heller ikkje klimaet. Vidare snakka han, til liks med Paal Frisvold i Bellona, varmt om CO2-fangst og -lagring som klimatiltak, og gav uttrykk for at teknologi er svaret på det meste. Astrup meinte heller ikkje at lågare forbruk i Noreg er vegen å gå, som han sjølv uttrykte det: Det blir vanskeleg å ta ifrå folk biffen, PC-en, bilane og barnehageplassane. Om dette er ein type retorikk som er representativ for Høgre, er det grunn til å uroa seg over kva retning Noreg vil ta i dei komande åra fram mot «point of no return» i 2020.
Astrup skisserer her eit scenario kor reduksjon i forbruk er eintydig med å ta ifrå nordmenn grunnleggande goder og rettar. Som om det å slutta med overforbruket vårt er synonymt med dårlegare livskvalitet. Det er naturlegvis milevis frå sanninga, og eg undrar meg over at ein profilert stortingspolitikar som Nikolai Astrup brukar den type verkemiddel for å nå fram med bodskapen sin.

Om alle verdas innbyggarar skulle hatt det same forbruket som oss nordmenn, måtte me hatt meir enn tre jordklodar. Me kastar 300.000 tonn etande mat i året, og me bruker dobbelt så mykje straum som svenskane per hushaldning og fire gonger så mykje som våre naboar i Danmark. Likevel meiner altså Astrup at det er for mykje forlangt å gjera noko med overforbruket og ressurssløsinga vår.
Til grunn for Høgre sin politikk ligg ein visjon – eller rettare sagt illusjon – om evig, økonomisk vekst. Høgre tar ikkje høgde for at det allereie føregår eit overforbruk på verdas naturressursar, og at desse ressursane er avgrensa. At evig, økonomisk vekst er fysisk umogleg så lenge me berre har denne eine planeten, ser ikkje ut til å synka inn. I staden trur Høgre at teknologien skal løysa alle problem for oss, og at me kan halda fram med fossil energiproduksjon så lenge CO2 vert lagra og ikkje sleppt ut i atmosfæren.

Å vera optimist og ha tru på teknologisk utvikling er bra. Men den blinde trua på at teknologi skal redda oss ut av ei knipe nettopp teknologien har fått oss inn i, er i beste fall naivt, i verste fall farleg.

For å ta CO2-lagring som døme: Dagens teknologi er for det første på langt nær sikker nok, og spørsmålet er om den nokon gong kan bli det. Skal verda bli eit 0-utsleppssamfunn og samtidig oppretthalda produksjonen av kol, olje og gass, og me legg til grunn at alle CO2-utsleppa kan lagrast, snakkar me om ein mengde på 28 milliardar tonn årleg. Om teknologioptimistane får viljen sin vil me altså få enorme, og stadig aukande menneskeskapte CO2-reservoar under bakken og under havbotnen. Desse reservoara må ein kunna garantera for at vil vera tette og sikre i tusenvis av år. Me veit at planeten er i evig endring – kan me garantera at menneskeskapte lager av CO2 vil kunne halda tett i all framtid uansett kva som skjer? Viss ikkje, kva skjer dersom lagra vert øydelagde og me får enorme lekkasjar på millardar av tonn CO2; og kan me heilgradera oss mot at dette ikkje vil skje i løpet av dei neste titusenvis av åra? Er enorme CO2-lager verkeleg ei gåvepakke me vil gje til komande generasjonar?

Det er for meg uforståeleg at me skal bruka så mykje ressursar på å utvikla ein teknologi som truleg aldri kan verta sikker nok. Eg forstår ikkje kvifor me skal gambla med framtida når me allereie har den teknologien som trengst for å forsyna heile verdas befolkning med fornybar energi. Me treng ikkje olje, gass, kol eller atomkraft. Det me treng er ein levedyktig planet og eit berekraftig samfunn, og overgangen må begynna no!

Eit betre samfunn er mogleg: Eit samfunn kor dei fleste hus er godt isolerte og sjølvforsynte med jord- og solenergi, kor jernbanenettet er godt utvikla, byfolk tar buss og bane og folk køyrer elbil i distrikta. Kor folk har det dei treng for å vera lukkelege og har eit berekraftig forbruk. Politikarane må ikkje vera kjeppar i hjula for ei slik utvikling, og rike land som Noreg må vera dei første som tar stafettpinnen! Me har moglegheita til å starta nedtrapping av fossil energiproduksjon, og teknologien som trengst for å gå over til fornybarsamfunnet, men dei største partia som styrer Noreg manglar vilje og pågangsmot. Så Høgre – ta ansvar og slutt å gøym dykk bak lettvinte snarvegar og blind teknologioptimisme! Dei teknologiske løysingane har me, og komande generasjonar er avhengige av at me tar dei i bruk – no.