Ein uspiseleg realitet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Som nordmenn er me i verdstoppen i velstand. Me skummar fløyten av materielle gode og er svært så kresne forbrukarar. Alle menneske treng føde for å leve, men ein kan spørje seg kor forsvarleg det er at me som enkeltpersonar og samfunn kan stå for eit matsvinn utan sidestykke. Er me villige til å endre måten me forheld oss til mat på?

Det er berekna at så mykje som ein firedel av all mat som blir produsert og omsett her i landet går til spille. Noko av svinnet står matprodusentane og butikkane for, men mesteparten av tapet skjer i hushaldet. Ola og Kari kvittar seg med meir enn 50 kilo kvalitetsfull og heilt brukbar mat kvart år. Økonomisk anslår ein at dette utgjer mellom 18-20 milliardar, noko som svarar til over halvparten av beløpet til bistand i statsbudsjettet.

Det er spesielt småbarnsforeldre og unge vaksne som lar frukt, middagsrestar og til og med uopna matvarar hamne i søpla. Forklaringa kan ligge i tidsklemma, men i dei fleste tilfella dreiar det seg om ein romsleg økonomi som opnar for sløsing. Når det å spille ressursar ikkje får særlege konsekvensar, fell ein fort i freistinga til å ta lettvinte løysingar. Det er reint daglegdags å sjå at andre halvdel av matpakka eller dei grønsakene som blei til overs, forsvinn frå bordet. Problemet har utan tvil blitt omfattande, og tida er difor inne for å stille nokre etiske spørsmål.

Bakgrunnen for det kritiske blikket mitt på utviklinga, er at eg ikkje er vand med at mat som kjem inn med handleposen forsvinn ut døra i avfallsposen. Det bidrar nok til at eg verken ser behovet for eller årsaka til at mat må kastast i det omfanget det blir gjort.

Ein av dei største utfordringane verda står overfor er klimaforandringane og miljøproblema. Produksjon av mat er som kjend delvis ansvarleg for både klimagassutsleppa og overforbruket av ressursar. I det internasjonale samfunnet møter ein også problematikk rundt matmangel, kunstgjødsel, avskoging og marginalisering. Med dette perspektivet, forstår me at kasting av mat ikkje er berekraftig.

Denne veka kunne me følgje utdelinga av Nordisk råds natur- og miljøpris. Vinnaren Selina Juul blei utmerka for sitt engasjement i Danmarks største frivillige rørsle mot matsvinn. Som stiftar av «Stop Spild Af Mad» har ho som målsetjing å informere om og kjempe mot tapet av mat, gjennom kampanjar, presseomtale, debatt og anna opinionsdanning. Den prestisjefylte prisen på nærmare 400.000 kronar vekkjer oppsikt og skaper merksemd om kor viktig det er å forvalta den livsnødvendige ressursen rett. Harde fakta fortel at ein milliard menneske svelt, samstundes som det årleg blir kasta 1,3 milliardar tonn mat i verda. Innsatsen hennar er difor, i likskap med arbeidet gjennom det norske prosjektet «ForMat», eit steg i riktig retning.

For å få til ei endring på trenden, kan ein gjere tiltak på ulike nivå. Nasjonalt kan vedvarande informasjonskampanjar retta mot forbrukarar, restaurantar og produsentar ha ein haldningsskapande effekt. Politikarar, næringsliv og organisasjonar bør også sjå på korleis ein kan tilpasse samfunnet for at den enkelte innbyggjar skal ta framtidsretta val. Større fokus på minimering av matsvinn i offentleg sektor, mindre pakningar med hensiktsmessig emballasje, samt ei meir realistisk datomerking kan gje resultat. Høve for hjelpeorganisasjonar til å vidareformidle overskotsmat som sosialhjelp, er eit eksempel som også har andre samfunnsnyttige verknadar.

Det aller største krafttaket må likevel kvar enkelt av oss syte for. Her trengst det ei auka forståing av å ta fornuftige val. Det inneber meir vilje til å redusere eige forbruk, gjennom planlegging av måltid og innkjøp, betre berekning av porsjonar, samt bruk av restar og produkt som har overstige «best før» merking. Gode moglegheiter for førebuing og konservering av maten gjer oss gunstige føresetnadar. Viss ein har intensjonar om å oppnå målsetjinga på eit minimalt svinn, kjem resultata raskt. 

I framtida treng me eit Noreg der folk sett meir pris på overfloda me lever i. Det handlar om å ta vare på verdiane me har, og å ta inn over oss vårt ansvar i verdssamanheng. Me må innsjå at dagens situasjon verken er rettferdig eller berekraftig. Idealet bør vere nøysemd og takksemd. Ein må byrje i det små, og på lengre sikt vil verknadane vise seg. Oppmodinga mi er å vise større bevisstheit og å ta grep i kvardagen. Noko så enkelt som å seie:

Takk for maten!