Satsar stort på alternativ medisin

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ordførar går for alternativ helse

Kommunestyret i Fyresdal har vedteke at kommunen skal satse på alternativ medisin, i tillegg til vestleg medisin. Det betyr mellom anna tilbod om akupunktur på helsehuset. Akupunktur handlar mykje om å sette nåler på visse punkt på kroppen, men kan også vere å bruke laser, straum og eit elektromagnetisk apparat i arbeidet for å førebyggje og prøve å gjere folk friske att.

– Hestane mine kan bli sinna om eg bruker nåler på dei, så eg har i staden bruka laser på dyra i 15 år, seier Erik Skjervagen.

Kommunen er godt i gang på det nye satsingsområdet. Ein lege og tre sjukepleiarar i Fyresdal har vore på kurs i tre dagar hos Hugo Nielsen i Danmark, og i januar går turen ned att for meir opplæring i nabolandet. Nielsen lærer kvartetten å sette nåler i vaksne folk. I tillegg har kommunen kjøpt konsultasjonstime hos Nielsen, og kontakten skjer via internettenesta skype.

Skjervagen fortel at kommunelegen i høgste grad alt driv med alternativ medisin som akupunktur på helsehuset.

– Han køyrer på med alternativ medisin. Dei reaksjonane eg har fått på det er veldig positive. No kjenner folk meg, så det er kanskje derfor eg ikkje får negative tilbakemeldingar, seier Skjervagen.

Skulen neste
Ordføraren er temmeleg entusiastisk med tanke på bruk av alternativ medisin, noko han sjølv har halde på med i 15 år. I staden for å behandle sjukeproblem i etterkant, er Skjervagen oppteken av å vere i forkant.

– Kven er best i verda på førebygging. Det er i alle fall ikkje vestleg medisin, er han klar på, etter å ha fylgd godt med på kva kinesisk medisin kan gjere.

No skuvar han på det han kan for at innbyggjarane i Fyresdal skal få eit nytt tilbod, i tillegg til vestleg medisin. Ein kommunetilsett som kan hjelpe med å gje akupunktur, er jordmora, som er inne i eit vikariat. Og no blir det lyst ut etter fysioterapeut som kan akupunktur. Vidare startar barnehagen å bruke alternativ medisin. Neste ut er skulen.

– For barnehagen og skulen er det bare snakk om førebygging, og ikkje bruk av nåler. Det skal vere eit møte med lærarane på skulen 11. november. Så blir det foreldremøte for å finne ut korleis me nøyaktig skal bruke alternativ medisin blant elevane, seier Skjervagen.

– Kommunen vil også tilby alternativ behandling til vaksne og barn som treng hjelp. Då snakkar me om å ha eit slikt tilbod i tillegg til vestleg medisin. Det er bare å melde seg på legekontoret for dei som vil prøve, held han fram.

Magnet
Skjervagen meiner Fyresdal er fyrste kommunen i Noreg som gjer ei slik storsatsing på bruk av alternativ medisin.

– Og kanskje er me fyrst ut i verda. Målet er at Fyresdal skal bli best i landet på folkehelse, spesielt innan barnefamiliar. Med bruk av alternativ medisin skal barna i Fyresdal bli friskare og gladare enn før. Me skal ha dei friskaste barna i Noreg, og gjennom det marknadsføre Fyresdal. Me skal ha så interessant profil at det blir ein magnet for nye innbyggjarar. Då er alternativ medisin nykelen. Er dette så bra som eg trur, kjem det me gjer i Fyresdal til å ha revolusjonerande effekt, seier Skjervagen.

Han har i årevis drive med qigong som er rein førebygging. Han dreg kvart år på qigongtrening i Kina, trenar andre i metoden og lærer mellom anna opp instruktørar.

– Eg øver qigong minst ein time kvar dag. I tillegg set eg nåler på meg sjølv, seier Skjervagen om eiga førebygging.

– Så du er aldri sjuk?

– Eh nei, veldig sjeldan. Eg har ikkje hatt sjukedagar i ordførarjobben enno, svarar den helseopptatte og øvste folkevalde i Fyresdal kommune.

Les saka i Vest-Telemark Blad!