Denne veka er det premiere på programmet Fylla på NRK3. Programskapar Ole André Sivertsen meiner unge ikkje kan nok om å det å gå på fylla.

Eit fullsett auditorium lo og kjende seg att i fylla og dagen-derpå-situasjonane som Sivertsen fortalde om. Han forklarte også korleis kroppen vår reagerer når alkoholen kjem inn i kroppen. At nervesystemet går tregare, at bedøvingshormonet endorfin og lykkehormonet dopamin gjer at vi til dømes ikkje kjenner smerte så mykje i fylla som vi ville gjort elles.

– Det er difor du kanskje først dagen etter kjenner at du har vondt både her og der, fortel Sivertsen.

Sivertsen har tidligare jobba i vitskapsprogrammet Newton på NRK. No jobbar han med vitskap og kommunikasjon i eige selskap.  

Han har skrive boka ”Fylla. Frå vors til bakrus.”. No kjem same tema som tv-serie på NRK3 på onsdagar. Sjølv omtalar han det som ”populærvitskap og underhaldning i ein herleg symbiose”. I programmet vert unge vaksne servert alkohol for å teste korleis alkoholen påverkar dei i ulike situasjonar. Mellom anna får sjakkspelarar fleire einingar med alkohol og klarer ikkje lenger å tenke taktisk fram mot neste trekk, men endar i staden med å gjere trekk på måfå, fnise og legge seg ned på golvet. Alt vert i tillegg forklart vitskapeleg.

LES OGSÅ: Edru ungdomstid

Lar folk drikke på tv
– Eg forstår at nokon reagerer på at vi lar folk drikke alkohol på tv. Men vi har gjort det på ein strukturert måte. Eg synst heller ikkje at det å drikke alkohol vert framstilt spesielt positivt i programmet. Eg er sikker på at om du får betre kunnskap om eit problemområde, så vil det gjere at du taklar det betre, seier Sivertsen.

Filmsnuttane frå serien skapte latter og applaus blant dei over 300 studentane i salen.

– Det er litt synd å seie det kanskje, men å gå på fylla er ein del av studentkulturen, seier Henning Kaland, student ved NTNU. Han og medstudent Vilde Haslund hadde invitert Sivertsen til å halde det populærvitskaplege foredraget under Kjemidagen 13 ved NTNU.

– Det er et kontroversielt tema og bra det blir sett søkelys på, på godt og vondt. Det er veldig bra å vere bevisst på korleis alkohol påverkar, seier Kaland.

– Vi har alle vore der. Kvifor kjenner eg meg dårleg dagen etter eg har drukke. Eg synes det er spennande å sjå korleis det heng saman, seier Vilde Haslund.

– Det var mange morosame klipp vi fikk sjå med folk som mista sine hemningar. Ofte slike situasjonar vi kan oppleve sjølv òg, seier Haslund.

LES OGSÅ: – Rusforskar ber ungdom slappe av og drikke litt

Drikk mykje, kan lite
Sivertsen fortel at det ikkje er noko konkret samfunnsnyttig mål med serien, men at han ynskjer å setje fokus på nettopp alkohol.

– Eg ser at alkohol er eit veldig underkommunisert emne. Folk drikk mykje alkohol og har ganske lite kunnskap om det. Eg tenkjer at dette er noko folk er opptatt av og det er jobben min å kommunisere vitskap.

– Kva slags konsekvensar får det at folk ikkje veit så mykje om alkohol?

– Eg trur at folk bruker alkohol på ganske ukloke måtar, som er en negativ ting. Samstundes synes eg det er på sin plass å seie at alkohol er ein del av kulturen vår. Den inngår i mange positive sosiale settingar og folk treng ikkje å ha dårleg samvit for å drikke alkohol. Vi snakkar om eit lovleg næringsmiddel, seier Sivertsen.

Han meiner ein må få lov å glede seg over dei positive erfaringane ein har med alkohol.

– Dei positive minna ein har frå då ein har drukke alkohol, som då ein var på stemnemøte og drakk raudvin, må ikkje verte sverta av ein skummel alkoholikarsky. Ein kan forstå korleis alkoholen verker, utan at alt kring alkohol treng å vere negativt.

LES OGSÅ:– Ungdom fortener betre råd

Ynskjer debatt
Sivertsen håpar programmet vil løfte fram ein debatt omkring alkohol og bruk av alkohol.

– Eg håpar programmet kan bidra til ein debatt blant unge om at det er problematisk å drikke, men at viss ein handterer det å drikke på ein god måte så kan ein ta det med seg som noko positivt i livet.

SJAKK MATT: Nokre sjakkspelarar får servert alkohol, medan nokre spelar når dei er edru. Det vert store skilnadar. Foto: NRK

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE