Er dette godt nok for ein skule i 2013?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er dette godt nok for ein skule no?

Under barn og unges kommunemøte i Klepp kommune torsdag, kom det fram at mange elevar ved fleire skular i Klepp er misnøgde med doa på skulane.

– Dei er så stygge at ingen vil gå på dei. Folk tissar heller i vasken, sa elevrådsleiar ved Orstad skule, Eivind Bjåstad.

Til 70-talet
Då Jærbladet gjestar Orstad skule fredag ettermiddag har Bjåstad moderert seg noko. Å tissa i vasken er ikkje noko mange på Orstad gjer, men han har høyrt at det har skjedd.

Saman med rektor Knut Norddal, tek Bjåstad Jærbladet med på ei do-omvising på skulen.

– Dette er det eldste doet på skulen.

Norddal opnar ei dør til eit lite krypinn og brått har me teke ei reise i tid tilbake til det året skulen stod ferdig, i 1979.

Grønne respatex-plater og oransje gulv er kanskje ikkje det ein ungdom av i dag er van med å sjå på badet.

– Men det er reint og heilt, følgjer rektor opp.

– Ja, dette er nok det finaste doet på skulen, svarar elevrådsleiaren.

Ferda går vidare. Nok eit lite rom, fleire respatex-plater frå 70-talet, litt meir slitt enn det forrige.

LES OGSÅ: Oppmodar elevar til aksjonar

Oppussing etter brann
Medan resten av skulen har fått eit ansiktsløft, har dei små, men nødvendige romma stått stille. Utanom eitt. Etter ein brann i fjor, måtte dette toalettet fiksast opp og er i dag lyst og fint med nytt golv.

– Det er jo eigentleg vanvittig at det må ei brann til for løfta standarden, innrømmer rektor.

Både elevrådsleiaren og jentegjengen som har samla seg i gangen ved doa er klare på at dette er eit do som er ok å bruka, sjølv om det manglar spegl. Doen vegg i vegg derimot, blir skildra som stygg, med vond lukt.

Jentene fortel om elevar som kvir seg for å gå på do, både fordi det er ekkelt og sidan dørene er så lette å låsa opp frå utsida.

– Me vaskar fast to gonger til dagen og ser me det er skittent, ordnar me opp med ein gong, men det er klart ein del av det som blir sett på som ekkelt, som vatn og papir på golva er jo elevskapt. Me klarer ikkje luka vekk alt slikt, seier Norddal.

Når veggar og golv i tillegg er slitte med spor og skribleri frå elevar frå dei siste tiåra, såpedispensaren er riven av veggen og søppelbøttene er overfylte, gjer det ikkje tilhøva meir innbydande for elevane.

LES OGSÅ: Skulkar gymmen på grunn av sopp

– Litt bortskjemte
– Kan elevane forventa same standard på skulen som heime?

– Nei, seier rektor.

– Me er nok litt bortskjemte, seier ein ærleg elevrådsleiar.

– Personleg er det ikkje dette det viktigaste for meg, men eg høyrer kva andre seier og eg syns det burde vore fiksa litt opp. Derfor tok me det opp. Sjølv om eg går i 10. klasse syns eg det er viktig å visa at me bryr oss om det som blir sagt og tar sakene vidare slik at dei som skal gå på skulen i mange å til, får det så bra som muleg, legg Bjåstad til.

Kommunen på saka
Det var ikkje bare orstadelevane som var misnøgde med dotilhøva på skulen. Så godt som alle skulane vart nemnde, utanom nye Klepp ungdomsskule.

– Me må gjera ei kartlegging og lover å sjå på dette, seier kommunalsjef for lokal utvikling i Klepp, Kåre Strand.

LEIAR: For godt vant?

Les saka i Jærbladet!