Knuser til med Miley på nynorsk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter mindre enn eitt døgn har videoen Knusarball blitt sett over 6000 gonger. DJ Krogh, alias Elias K. Gloppestad Krogh, er mannen som har covra Miley Cyrus-låta Wrecking Ball.

– Kva fekk deg til å covra Miley Cyrus på nynorsk?
– Eg og nokre venner snakka for ein del veker tilbake om at eg burde prøva å laga ein cover av ein aktuell pop-låt. Eg kom med ideen om å prøva å gjera dette på nynorsk, (legg merke til prøva), rett og slett fordi eg likar klangen av nynorsk betre enn bokmål.

– Kva synest du om at videoen har blitt sett av over 6000 på under eit døgn?
– Eg synest det er heilt vanvitig. Eg har hatt videoar liggjande ute i tre år som aldri har kome i nærleiken av så mange visningar. Det er utruleg stilig at folk likte han så godt, og no har eg fått vita at radiokanalen P3 har høyrt låta, og dei lo godt.

LES OGSÅ:Ylvis inne på topp ti i USA

– Synest du din eigen song er betre enn originalen?
– Det er litt flautt å innrømma, men ja, eg synst det, på nokre måtar. Eg synest at instrumenta passar til ein litt pompøs tøysestemme, men eg meiner òg at Miley Cyrus har ei flott stemme som høyrer til i songen. Eg er ikkje eigentleg ein så stor fan av pop-musikk, men eg har ikkje så mykje imot denne songen.

– Miley Cyrus har fått twerking inn i den engelske ordboka. Kva for eit ord bør inn i den nynorske ordlista?
– Godt spørsmål. Botndundring? Hehe.

– Du har òg gjendikta Justin Bieber til nynorsk. Kven andre har du lyst til å laga nynorskversjonar av?
– Eg synest sjølv det blir mest morosamt når ein vel listepop-låtar, og neste gong kunne eg tenkja meg å prøva på ein Katy Perry-låt, og kanskje til og med Britney Spears, mulegens. Det kunne blitt gøy, trur eg.

– Kva forhold har du til nynorsk?
– Eg skulle ynskja det var meir nynorsk her på Austlandet. Eg likar nynorsk, men er ikkje alltid den beste til å skriva det sjølv. Nynorsk er definitivt det finaste målet av bokmål og nynorsk.

LES OGSÅ:Fekk jobb etter Titanic-suksess på YouTube

Elias er fødd i Oslo, og har ei mor frå Sandane i Gloppen kommune i Sogn og fjordane. Han har budd i Fredrikstad i Østfold, sidan han var fem år gammal. Til å omsetja Miley Cyrus til nynorsk har han hatt hjelp av omsetjingsprogammet Apertium.

– Kva gjer du på når du ikkje er DJ Krogh?
Då tek eg bilete, er på skulen, spelar gitar… Eg gjer mykje rart. Og så er eg med vener. Eg har flaks som har venner som held ut med meg, sjølv når eg ikkje er DJ Krogh!

Elias K. Gloppestad Krogh håpar no han vil få godkjent songen på Spotify.

Les siste musikknytt her!

Og her ser du originalen:

Faktaboks

Første verset går slik:

Vi slåst og tok,
Hjarta våre i do,
Vi spratt, som på ein trampoline.
Vi kyssa, du brukte litt mykje tunge,
Kjærleik ingen kan fornekte.

Sjekk ut resten her!