Facebook rasar i popularitet blant unge

Facebook er ikkje lenger det mest populære sosiale mediet blant ungdom.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Facebook ikkje så hot

Sidan i fjor haust har delen amerikanske tenåringar som ser Facebook som «det viktigaste sosiale nettverket», falle frå 42 prosent til 23 prosent. Det går fram av ei rangering som den amerikanske banken Piper Jaffray har laga.

Det betyr ikkje at det blir færre tenåringar som bruker Facebook – tvert imot, seier Facebook-guruen Mark Zuckerberg – men dei synest andre nett-tenester er meir spennande, skriv nettavisa Huffington Post.

Instagram er faktisk no like populært som Facebook blant dei unge, og dobbelt så mange som i fjor rangerte biletdelingstenesta som den viktigaste.

LES OGSÅ: – Sosiale medium øydelegg språket

Litt overraskande er det Twitter som i år toppar lista til Piper Jaffray. Vel 26 prosent av dei 8.650 spurde ungdommane meinte at dette er det viktigaste sosiale mediet, om lag like mange som i fjor haust.

Den største auken kjem likevel i kategorien andre, som skjuler tenester som Vine og Snapchat. Delen som rangerte desse andre tenestene høgst, auka frå 2 til 17 prosent. (©NPK)

LES OGSÅ: Facebook strevar med å forstå ungdommane