Du? Med det namnet?

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

La meg i staden foreslå ein annan måte å ordne det på.

Det er sikkert allereie for seint. Men det kan vere noko å tenke på til neste gong. Det blir sikkert fleire regjeringsskifte i framtida. Og som du veit, så er hovudregelen at ingen nye regjeringar skal få gå i gang med arbeidet sitt for alvor, før minst ein av dei nye statsrådane har lagt seg flat eller gått av. Gjerne begge deler, i den rekkefølgja.

Alle statsministrar prøver å unngå dette, fordi det er mykje styr å bytte statsrådar. Men dei færraste får det til. Så også denne regjeringa må nok vinke farvel til ein statsråd, før vi alle kan gå vidare og diskutere sånt som vegbygging og reservasjonsrett for legar. Akkurat det med reservasjonsrett for legar som er mot abort, kjem eg forresten ikkje til å diskutere. Eg har nemlig lenge hatt store samvitsproblem med at KrF bestemmer noko, så eg har reservert meg mot å forhalde meg til lover som dei står bak.

Men før vi kjem så langt, så må altså nokon legge seg flat eller gå. Gjerne begge deler, i den rekkefølgja.

Erna Solberg tenkte på mykje då ho plukka ut folka sine. Ho forsikra seg nok grundig om at dei ikkje hadde gjort noko ulovlig tidligare i livet. Og så er det viktig å unngå statsrådar som har vore for svære i kjeften, sidan det då vil vere fare for at politikaren møter seg sjølv i døra, som det gjerne blir kalla når ein politikar meiner ulike ting før og etter at ho har blitt statsråd. Og sjølvsagt er det viktig å unngå statsrådar som er veldig opptatte av det saksområdet dei skal jobbe med, sidan det då vil vere fare for inhabilitet, som det gjerne blir kalla når ein politikar meiner det same før og etter at han har blitt statsråd.

Alt dette visste nok Erna Solberg. Og ho klarte det nesten. Men det var ein ting ho ikkje tenkte på. Og det er der eg foreslår ei anna løysing. Til neste gong.

For ein ting er at Sylvi Listhaug har jobba i eit PR-byrå som opererer med hemmelige kundelister. Solberg visste nok at det ville bli bråk om det. Vi som skriv i avisa liker nemlig veldig godt hemmelige ting. Eller, vi liker det ikkje. Det er derfor vi liker så godt å skrive om det. Dessutan er det ganske enkelt å skrive om, sidan heile poenget er at vi ikkje får vite noko, så research-arbeidet er veldig fort unnagjort.

Men eg trur mykje av dette bråket kunne vore unngått dersom berre Erna Solberg hadde foreslått for Sylvi Listhaug at ho skiftar namn.

At ho har jobba for eit firma som ikkje vil oppgi kundelistene sine, det ville vi som skriv i avisa blitt lei av å mase om etter ei stund. Kanskje allereie etter eit halvt år. Men at ho i tillegg heiter LISThaug, det blir rett og slett for mykje for oss.  

Når ho har eit namn som er eit ordspel, som lett kan bli ei overskrift som er ein vits, då kan vi halde på lenge.

Seinast torsdag såg eg i alle fall fire ulike nettaviser som alle hadde ein variant av den same overskrifta: «Hvem skal ut? Listene eller Listhaug». For når vi som skriv i avisa får sjansen til å skrive sånt, då må vi berre gjere det. For då kan vi leike at vi jobbar i «Nytt på nytt». Veldig mange av oss som skriv i avisa har eigentlig lyst til å jobbe i «Nytt på nytt», for dei snakkar om det same som vi snakkar om, berre at dei er morsomme og veldig populære.

Så du kunne sloppe unna med mykje. Men ikkje med det namnet.

Sorry, Listy. That’s politics.


Først publisert i Aftenposten 26. oktober.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!