Overraska og overvelda over pågang.

Randi Berdal Hagen, VTB.no
Randi Berdal Hagen, VTB.no

Bunadopplæringa er landets einaste reelle utdanningstilbod for vaksne som ynskjer å bli bunadtilverkarar. Denne veka starta kursrekkja, som no held til i Rauland, for fjerde gong.

– Gjennom denne opplæringa tenker me at kvar og ein av deltakarane blir ein kulturberar, seier Solveig T. Grinder i Noregs husflidslag.

Femten bunadsaspirantar sit heile veka i Vinjesalen på Raulandsakademiet og får intensiv opplæring og praksis i bandvev og andre teknikkar. Dei er i gang med fyrste modul i bunadsopplæringa – Noregs einaste reelle opplæringstilbod for vaksne som blir bunadstilverkarar. Det er fjerde gong kursrekka blir sett i gang.

– På papiret finst det eit tilbod om vidaregåande opplæring i bunadstilverkarfaget, men i praksis er det offentlege tilbodet ikkje-eksisterande. Det er få skular i landet som har tekstil- og designliner, og det er veldig få lærlingplassar som bunadstilverkar, seier Solveig T. Grinder i Noregs husflidslag, ein av samarbeidspartnarane

Ho peikar også på at bunadsfaget er eit «modningsfag» – at ein ofte ikkje tenkjer at det er nettopp det ein vil bli før ein er over 25 år og dermed har mista den offentlege skuleretten sin.

Kulturberarar
Raulandsakademiet leiger ut kurslokale til bunadopplæringa, men innhaldet er det Noregs husflidslag, Noregs ungdomslag og Studieforbundet kultur og tradisjon som står for.

Grinder i Noregs husflidslag understrekar kor viktig det er å ha kulturberarar som kan faget.

– Gjennom denne opplæringa tenker me at kvar og ein av deltakarane er ein kulturberar. Dei er også viktige som framtidige kursleiarar, seier ho.

LES OGSÅ: – Pimp bunaden din!

– Snittalderen er ei utfordring
Grinder legg ikkje skjul på at høg snittalder er ei utfordring for bunadstradisjonen og -faget.

– Når snittalderen etter kvart er urovekkande høg, er eg glad, overraska og overvelda over at pågangen er så stor til denne opplæringa. Me vurderer å setje i gang eit nytt kull alt neste år, seier Grinder.

Ho konstaterer også at snittalderen blant deltakarane stadig går ned. Ei av dei som bidreg til det, er 28 år gamle Edda Ane Stubbrud frå Heidal i Gudbrandsdalen. Ho skal ta fagbrev i bunadtilverkarfaget og har fått lærlingplass i Voss.

– Gud, kor mykje eg lærte i går! Det kjente eg i hovudet i går kveld, seier Stubbrud til Eli Vesaas frå Bøgrend, som er fyrste kurslæraren i elden.

I løpet av to dagar skal ho lære deltakarane å veve band. Dei lærer å lage Vest-Telemarkbandet, men grunnprinsippet med bruk av bandgrind er felles for dei fleste bunadsbanda.

– I går ringte systrene mine og «bestilte» av meg, så det blir nok å gjera og trene på, smiler Stubbrud.

Lærar Vesaas er glad for å sjå at det gror i rekkjene, og sender oppmodinga vidare til unge kvinner i Vest-Telemark, som ikkje er representerte på kurset.

Opplæringa går over tre år og har seks modular. Når elevane er ferdige med denne fyrste modulen, er det ein ting som gjeld:

– Ikkje legg det vekk når du kjem heim att. Det er øving og mengdetrening som må til, seier Vesaas.

LES OGSÅ: Trendy med menn i bunad

Bunadopplæringa
Bunadopplæringa er ei modulbasert opplæring for dei som ønskjer å lære seg bunadtilverkarfaget. Kursrekkja inngår som ein del av grunnlaget for å gå opp som privatist til sveinebrev som bunadtilverkar, og er eit samarbeid mellom Noregs Husflidslag, Noregs Ungdomslag, Norsk institutt for bunad og folkedrakt og Studieforbundet kultur og tradisjon. Bunadopplæringa strekkjer seg over 3 år og har 6 modular. Kursrekkja følgjer læreplan for VK 3, opplæring i bedrift, bunadtilverkarfaget.

Les saka i Vest-Telemark Blad!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47

Kommentarar

ANNONSE