På halloweenkvelden får ein ikkje ha på seg heildekkjande maske på ein uteplass i Volda. 

Kjell Arne Steinsvik/Møre-Nytt
Kjell Arne Steinsvik/Møre-Nytt

– Dette for å verne gjestene, seier lensmannen.

Det er Det Grøne Treet i Volda som har søkt om utvida skjenketid torsdagen det er halloweenfeiring. I nyare tid har det vorte vanleg at folk kler seg ut som monster og fantasifigurar denne kvelden, i tråd med amerikansk tradisjon.

Må vite kven gjestane er
Ein del av kostyma har heildekkjande masker og store antrekk. Men at folk er heilt ugjenkjennelege når dei er «ute på byen», likar politiet dårleg. Difor er eit av vilkåra for festen at folk ikkje går med heildekkjande masker.

LES OGSÅ: – Tenk større, Stortinget!

– Dersom vi skal inn på uteplassen, eller nokon vert krenka, må ein vite kven det er. Det må vere slik for at det skal vere tryggast mogleg. Politiet generelt likar ikkje at personar går med tildekt andlet. Vi må vite kven folk er, seier lensmannen.

Lensmann Guttorm Hagen seier han i større grad enn tidlegare vil uttale seg om konsept knytt til skjenkjesøknader.

LES OGSÅ: Norskifiserer Halloween

Han understrekar at sminke og generell utkledning ikkje er noko problem. Det er når ein ikkje kan sjå kven personen er at problemet melder seg.

– Er ein heilt ugjenkjenneleg og gjer eit lovbrot, kanskje av verste sort, då har vi alle eit dårleg utgangspunkt, seier Hagen.

Han fortel at dette er ei vurdering som vart gjort opp mot dette eine arrangementet i samband med søknaden. Etter det Møre-Nytt kjenner til, var det ein liknande halloweenfest på studenthuset Rokken i helga, der mange gjekk med heildekkjande kostyme og masker. Hagen presiserer at forbodet på Det Grøne Treet har bakgrunn i søknaden.

LES OGSÅ: – Heilt ny måte å tenkja integrering

– Eg har ikkje vorte spurt om konseptet på Rokken. På Det Grøne Treet vart det spurt om endring av skjenketida, noko eg uttalte meg på bakgrunn av.

– Trygt for alle
Lensmannen understrekar at maskeforbodet er der for å gjere festen trygg for alle.

– Vurderinga er godt meint, og det ligg politifaglege grunnar bak. Gjestene og betjeninga har betre vern mot å verte krenka om alle kan identifiserast, seier han, og minner om at det ikkje berre er politiet som treng å sjå kven folk er.

LES OGSÅ: Skandale-regjering!

– Skjenkestaden sine vakter må ha høve til å sjå andletet til dei som kjem som gjestar. Vaktene og betjening kan då vurdere om gjesten er gammal nok, og om han er rusa. Like eins skjenkjekontrollen, seier Hagen.

– Arrangementet er offentleg, og eit godt tiltak for unge vaksne. Lensmannen trur difor at ikkje politiet vert tilkalla. For patruljen er det forstyrrande om ikkje moglege gjerningsmenn lett kan identifiserast. Kva gjestene har på seg når dei kjem heim, vedkjem ikkje lensmannen, seier han.

Leiinga på Det Grøne Treet ønskjer å ikkje kommentere maskeforbodet overfor Møre-Nytt.

Les saka i Møre-Nytt!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47

LES OGSÅ

ANNONSE