«Skal du skriva på nynorsk?»

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Universitet får nynorsk-kritikk

– Det er ikkje greitt, spesielt ikkje fordi det er i Stavanger på Vestlandet, konstaterer Kristin Frafjord (19), fersk student ved Universitetet i Stavanger.

Då ho for nokre veker sidan skulle møte rettleiaren sin som skulle hjelpe med hennar første semesteroppgåve som student vart ho møtt med ei oppmoding om å skriva bokmål. Rettleiaren er opphavleg frå eit anna land, men ifølgje Frafjord meistra ho norsk godt.

LES OGSÅ: NTNU sviktar nynorsken

Vart sjokka
Frafjord skreiv eit blogginnlegg for Jærbladet med tittelen: Skal ikkje eg få skriva på nynorsk?

«Skal du skriva på nynorsk?» fekk eg spørsmål om. Eg svara klårt ja, og antok at det ikkje ville bli noko problem. Så byrja rettleiaren og prata om at det ikkje var noko krav om nynorsk og at eg berre måtte skriva bokmål. No blei eg sjokka. Ein rettleiar i norsk historie burde jo skjøna kvifor eg ville skriva nynorsk. Har ho ikkje fått med seg kor viktig språk er for oss nordmenn? Tydelegvis ikkje,» skriv Frafjord i blogginnlegget.

– Eg fekk lov å skrive nynorsk, men eg tolka det som at eg helst burde skrive bokmål, fordi nokre ord på nynorsk kunne verte mistolka, fortel studenten.

LES OGSÅ: Må auke nynorskbruken

– Bokmål dominerer
Frafjord bøyer likevel ikkje av og skriv oppgåva si i faget moderne historie på nynorsk.

– Skal ein undervise og rette oppgåver ved eit norsk universitet bør ein ha kjennskap til begge dei likestilte målformene, meiner Frafjord.

Ho peikar på at situasjonen er langt ifrå ny, sidan målformene har vore jamstelte på papiret sidan 1885. Ho opplever likevel kvardagen som ein ganske annan.

– I praksis er dei ikkje jamstelte, det er bokmål som dominerer.

LES OGSÅ: Framleis for lite nynorsk ved UiO

Misforståing
Mållova slår fast at bokmål og nynorsk er likeverdige målformer og at i det offentlege skal desse jamstillast. Den administrative delen av undervisningsverksemda ved norske universitet kjem inn under denne lova. 

Kommunikasjonsrådgjevar Leiv Gunnar Lie ved Universitetet i Stavanger stadfestar at dei har kjennskap til Kristin Frafjord si sak. Han kallar det heile ei misforståing.

«Utgangspunktet for denne saka var at førelesaren fekk spørsmål frå fleire studentar om det var eit krav å levere oppgåva på nynorsk. Dette avkrefta ho, og viste til at studentane kan bruke kva målform dei ynskjer, i tråd med universitetet sine retningsliner. Ein av studentane har oppfatta dette som eit påtrykk om å skrive bokmål. Faktum er uansett at ingen er blitt nekta å skrive nynorsk. Dette ville vært i strid med Mållova og universitetet sine retningsliner,» skriv han.

LES OGSÅ: Universitetet i Bergen får stryk i nynorske eksamensoppgåver

Lite imponert over universitet
– Eg kjøper for så vidt den forklaringa. Når ein slik beskjed kjem frå ein professor er det gjerne ikkje universitetet sin intensjon, seier Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom.

– Eg tykkjer likevel det er spesielt at den typen misforståingar kan finne stad, seier Sture, og peikar på at universitetstilsette gjerne er høgt utdanna.

Leiaren i målungdommen er lite imponert over norske universitet, både når det gjeld nynorskdelen i det skriftlege materiellet frå universiteta og eksamensavvikling med to målformer.

– År etter år syner universiteta at dei i liten grad bryr seg. Det skjer ved alle norske universitet. Ofte vert eksamensoppgåvene levert ut berre på bokmål, eller så er den nynorske versjonen så slurvete oversett at studentane må sitje å kryssjekke med bokmålsversjonen, seier målungdomsleiaren, som oppmodar universiteta til å følgje lova.

Faktaboks

Mållova

§ 1. Bokmål og nynorsk er likeverdige målformer og skal vere jamstelte skriftspråk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune.(…)

§ 2. (…) I Den norske kyrkja, i undervisningsverksemd og i rettsstellet gjeld lova berre den administrative delen av verksemda.

Forskrift om målbruk i offentleg teneste

§ 7. Når eksamensoppgåver i andre fag enn norsk blir gitt på norsk mål, skal kvar kandidat få oppgåveteksten på bokmål eller nynorsk etter ønske. Dette gjeld for slutteksamenar, medrekna deleksamenar som høyrer med i ein større eksamen. Lærestaden kan be om bindande val av målform for oppgåveteksten ved oppmelding til eksamen.

       Når særlege grunnar talar for det, kan lærestaden gjere heilt eller delvis unntak frå denne regelen. Studentar som dette vedkjem, kan klage på slikt vedtak til departementet.

Kjelde: Mållova, Forskrift om målbruk i offentleg teneste