Ny KrFU-leiar vil opna opp partiet

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Emil André Erstad erstattar Elisabeth Løland som går av etter tre år i leiarvervet. Han er tidlegare fylkesleiar i Hordaland KrFU og har sete som 1. nestleiar for ungdomspartiet det siste året. Han er i ferd med å fullføra ein bachelorgrad i statsvitskap.

– Eg er takknemleg og audmjuk for tillita frå landsmøtet og gler meg veldig til å ta fatt på vervet som leiar av Noregs mest idealistiske ungdomsparti, seier nyvald leiar i KrFU, Emil André Erstad.

Erstad gler seg til å ta fatt på vervet som leiar og har allereie gjort kjent kva han ynskjer å fokusera på som nyvald leiar.

– Eg vil gjera mitt for at KrFU skal bli eit opnare og meir mangfoldig ungdomsparti. Eg trur at dei kristendemokratiske verdiane appellerer til svært mange unge, og eg vil sørgja for at alle som er samde med oss skal finna seg til rette i KrF og KrFU, seier Erstad i ei pressemelding.

LES OGSÅ: – Vil setja eit tydeleg KrFU-merke på norsk politikk

Vil ha eit tøffare ungdomsparti
Han gler seg òg over KrFs nye rolle på stortinget som eit konstruktivt opposisjonsparti til ei mindretalsregjering.

– Eg vil at KrFU skal bli eit tøffare ungdomsparti som flyttar KrF i ei grønare retning der prioriteringane blir tydelegare. KrF har ein nøkkelposisjon og det har me i KrFU tenkt å nytta oss av. Sjølv om KrF har fått gjennomslag for mykje i samarbeidsavtalen, så er det mykje å gjera på både bistand og miljø, for å nemna noko. Me skal vera ei konstruktiv vaktbikkje i tida framover, seier Erstad, som òg lovar at statsminister Erna Solberg skal få jamnlege påminningar frå KrFU om desse sakene.

QUIZ: Kva veit du om om KrF? Ta quizen her!

Les fleire saker om KrFU her!

Faktaboks

Dei andre som vart vald til sentralstyret er:
1. nestleiar: Ida Lindtveit
2. nestleiar: Tone Marit Håland Dyrkolbotn
3. nestleiar: Tore Storehaug
Sentralstyremedlemmar:
Ellen Smenes
Kristoffer Rolland
Reid Ivar Bjorland Dahl
Synøve Marie Johansen
Thor Håkon Lindstad
1. vara: Simon Molvær Grimstad
2. vara: Mathea Fjukstad Hansen
3. vara: Jarle Aarbakke Tollaksen
4. vara: Melina Taraldsen