KrFU åtvarar Hareide mot Ap-samarbeid

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Åtvarar Hareide mot Ap-samarbeid

Mange i KrF har opna for å samarbeida med Arbeidarpartiet i ei ny regjering etter valet i 2017. Men no seier fleirtalet i landsstyret i KrFU klart i frå:

– Eg vil åtvara KrF mot å samarbeida med Arbeiderpartiet i regjering, og vil gå for ei ikkje-sosialistisk regjering, seier KrFU-leiar Ida Lindtveit til NRK.

Både når det gjeld ein berekraftig velferdsstat, i klima- og miljøspørsmål, i skulepolitikken og når det gjeld kamp mot fattigdom meiner Lindtveit at moderpartiet har meir å henta til høgre enn hos Arbeiderpartiet.

LES OGSÅ:– Regjeringa bryt samarbeidsavtalen

– Lite sannsynleg med regjeringssamarbeid med Frp
«Med respekt for dei store politiske forskjellane som finst mellom KrF og Frp, ser KrFU framleis eit regjeringssamarbeid med Frp som lite sannsynleg», heiter det i innstillinga til landsmøtet til KrFU.

KrFU opnar for å invitera med Senterpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne saman med KrFU, Venstre og Høgre i ei ny regjering.

KrFU har landsmøte 23.-25.september der ungdomspartiet gjer endeleg vedtak.

LES OGSÅ: KrFU-leiaren: – Det finst ikkje nokon fullkommen politikk