Nynorsk redaktørpris til Magni Øvrebotten

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Får nynorsk redaktørpris

Prisen vert tildelt for framifrå innsats for nynorsk som mediespråk.

– Øvrebotten er og har vore ei sterk kraft for nynorsk mediespråk i meir enn ein generasjon, seier leiar for Mediemållaget, Berit Rekve.

I grunngjevinga heiter det at gjennom redaktørgjerninga og som leiar for utdanninga av journalistar som skal levera på nynorsk på alle plattformer, har Øvrebotten vore framsynt.

Alltid jobba for nynorsken
Med opprettinga av Nynorsk mediesenter i 2004, der ho har vore dagleg leiar sidan, har Øvrebotten gått føre i arbeidet med korleis ein kan utvikla nye talent til nynorskbrukande journalistar. Senteret er eit føregangstiltak, skriv Mediemållaget i ei pressemelding.

– Eg er veldig glad for denne prisen. Eg har alltid jobba for nynorsken, seier Magni Øvrebotten til Nynorsk pressekontor.

– Tøft for nynorskbrukarar
Øvrebotten har bakgrunn frå Bergens Arbeiderblad, Firda, Nationen og Dølaposten. Ho kom til NRK Sogn og Fjordane i 1980, der ho seinare blei redaksjonssjef og distriktssjef. I 2004 blei ho tilsett som dagleg leiar ved Nynorsk mediesenter i Førde.

– Det kan vera tøft å vera nynorskbrukar i media. Det er ikkje tilfeldig at mange av nynorskjournalistane hamnar i NRK, TV 2 eller lokalaviser. Ein kan ikkje jobba i Dagbladet om ein vil bruka nynorsk, seier prisvinnaren.

«Sta stubbebrytar»
Ho har gjennom ni år som leiar av Nynorsk mediesenter lært opp 90 journaliststudentar.

– Eg har hatt ein finger med i spelet for mange karrierar. Det er eg stolt av. Det er kjekt å følgja med på korleis det går med journalistane, seier Øvrebotten.

I grunngjevinga for prisen blir ho omtala som «ein sta stubbebrytar» for nynorsken.

– Eg er absolutt sta. Og eg har sterk vilje. Det har hjelpt meg mykje. Eg trur alle som kjempar for nynorsken må vera både sta og viljesterke, avsluttar Øvrebotten. (©NPK)

Les om vinnarane i 2012 og 2011 her!