– Regjeringa må oppretta eit dyrepoliti

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Krev at Frp held dyrepolitiløfte

– Politikarane må setja ein stoppar for dyreplageriet som føregår i Noreg i dag. Noko av det første den nye regjeringa bør gjera er å oppretta eit dyrepoliti, seier Hallvard Surlien, talsperson i Grøn Ungdom.

I valprogrammet til Framstegspartiet står det at Noreg skal ha eit sterkt dyrevern: “Personer som har vist seg uskikka til å halda dyr, skal mista retten til dyrehald. FrP ønskjer å etablera eit dyrepoliti i Noreg for å sikra velferda til dyra, og for å overta oppgåvene til Mattilsynet knytt til dyrehald."

I den nye regjeringa har Framstegspartiet både ansvar for landbruk og justis.

LES OGSÅ: Rekordmange nye pelsoppdrettarar

Ikkje nemnd i regjeringserklæringa
I programmet Brennpunkt på NRK 8. oktober vart det vist fleire døme på dyremishandling i Noreg. Grøn Ungdom meiner den nye regjeringa må oppretta eit dyrepoliti, som Framstegspartiet lova i valkampen. Dei er skuffa over at dyrevelferd ikkje ein gong er nemnd i regjeringserklæringa som vart presentert 7. oktober.

– Dyrevelferdslova er ikkje verd papiret han er skrive på, så lenge det enno er fritt fram for å driva med dyreplageri i Noreg. Dette er noko politikarane må gjera noko med. Framstegspartiet kan gje både folk og fe noko å jubla over, om dei får til dette, seier han.

LES OGSÅ: – Forbrukarane nyttar ikkje makta si

Vald mot dyr og menneske
Programmet Brennpunkt viste òg fram forsking som seier at det er ein klar samanheng mellom vald mot dyr og vald mot menneske, men at dette vert oversett av norsk politi i dag. Surlien meiner Noreg må sjå til Sverige for å læra.

– Vald mot dyr kjem i mange tilfelle saman med annan kriminalitet, og dei som medvite går inn for å skada dyr kan òg gå til åtak på andre menneske. Svensk politi har kome mykje lenger i å sjå denne samanhengen, og i Stockholm har dei allereie oppretta ein dyrevernsavdeling, seier Surlien.

Grøn Ungdom meiner eit slikt politi òg må ha eit betre regelverk å jobba ut i frå. Dei foreslår difor nye forskrifter.

– I dag er det fullt lovleg å sperra rev og mink inne i små nettingbur, sjølv om Dyrevelferdslova seier at alle dyr skal få høve til å utfolda sine artstypiske og individuelle behov. Nye forskrifter vil sikra at lova blir følgd, seier Surlien.