Vil bryte ned eksos med solljos

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bryt ned eksos med sollys

Stian Hauge, fødd og oppvaksen i Kviteseid, held hus i hovudstaden og har idéutvikling som arbeidskvardag.

– Eg tok master på Universitetet i Oslo, der eg gjekk på ei line som heiter Innovasjon og entreprenørskap. Under arbeidet med masteroppgåva fann eg ut at eg ville starte ei bedrift innan nanoteknologi, som eg hadde ein bachelor i, fortel han.

Stian starta ei bedrift saman med professor Truls Nordby ved Universitetet i Oslo i august 2012.

– Me hadde lyst til å reinse vatn med hjelp av solljos på ein overflate med nanomateriale, seier Hauge.

Frå vatn til eksos
Stian utvikla ideen vidare, og ynskte å sjå om han kunne nytte denne teknologien på andre område, mellom anna knytt til tungolje.

– Eg ville sjå om me kunne blande det inn i tungolje, slik at ein kan klare å bryte ned olja raskare etter eit utslepp frå eit skip. Ideen utvikla seg, og me såg også at nanopartiklane er i drivstoffet, og difor vil det bli med eksosen ut. Ein kan difor gjere ein jobb ved hjelp av sol på eksosen. Hypotesen vår er at nanopartiklar i drivstoff vil føre til at eksosen blir sjølvreinskande, seier Hauge.

Han forklarar det som om at ein tar energi frå sola og nyttar denne i eksosen, slik at ein kan akselerere nedbrytinga av nitrogenoksid, svoveloksid og organiske partiklar som det er mykje av i eksos. Dette er eit typisk miljøproblem ein ser i store byar, men også i utslepp frå skip.

Fleire støttespelarar
Og det er skipa Stian har lyst til å satse på.

– Me ynskjer å skape eit fornybart og meir berekraftig drivstoff til skipsfart, og vil gjerne satse på nord-områda, seier Stian og fortel at dei har fått støtte av Innovasjon Norge.

– Dei har vore ein god støttespelar. Nå er me inne i ei søknadsfase der me leitar etter fleire støttespelarar og me skal også teste ut teknologien vidare på Norsk marinteknisk forskingsinstitutt i Trondheim. Me gjorde ein test tidlegare i år som viste at denne teknologien kan føre til ein reduksjon av utslepp opp til åtte prosent, seier gründeren.

Hauge fortel at dei jobbar med fleire store samarbeidspartnarar, og at dei får tilbakemeldingar om at ideen er både spennande og artig.

På jakt etter investor
På den britiske fjernsynskanalen BBC, blei Stian og ti andre norske gründerar tidlegare i haust plukka ut til å marknadsføre forretningsideane sine.

– Det var litt tilfeldig. Eg kjenner ho som var prosjektleiar for konseptet, og ho var på leit etter gode idear. Difor fekk eg bli med, seier Hauge.

I ein reklamesnutt på nettsida til BBC blei han filma i ein heis der gründeren marknadsførte ideen om sjølvreinskande eksos.

– Det var artig å få bli med, og det har vore ein døropnar for meg slik at eg har kome i kontakt med fleire interesserte. Og det er svært viktig nå, sidan me jobbar med å sy saman eit større forskingsprosjekt. Då er det naudsynt at me blir trudd og at me har gode medspelarar, seier Hauge.

Jam med favorittartisten
Stian Hauge har fleire gründer-tankar han ynskjer å få på marknaden. Under eit studentprosjekt ved Universitetet i Oslo var han med og utvikle ein samspel-app til mobiltelefonar saman med nokre andre studentar.

– Målet vårt var å lage ein app som var så bra at alle kunne bruke den, samt gjøre det enklare å spele saman, seier Hauge som også har kontorplass i Vest-Telemark Næringshage i Kviteseid nokre dagar i månaden.

– Det er moro om ein kan vere med på å utvikle kreative idear på heimebane også, seier Hauge.

Snart på marknaden
Rattlejam er ein sosial musikkapplikasjon til mobiltelefonen som ein kan nytte for å jamme til musikk frå favorittartistar. Ideen blei fyrst skapt som eit verktøy innan musikkterapi, med mål om at det skal bli enklare å spele musikk saman.

Tanken er at om ein lastar denne appen til mobilen kan ein nytte rørsle for å styre dei ulike instrumenta i ein kjend song. Med enkle rørsler kan ein kontrollere, spele og legge saman dei ulike instrumenta. Lyden til instrumenta er henta frå enkeltspora i originalinnspelingane av songen.

Stian fortel at dei mellom anna har fått med seg Turboneger, Donkeyboy, Eva and the heartmaker, Lidolido, Casiokids og Lemaitre som ein kan nytte med appen.

– Målet vårt er at appen skal vere i marknaden før jol, seier Hauge.

Samarbeid med Sunnaas
Han fortel at appen også kan bli bruka i rehabilitering, og at dei har fått til eit samarbeid med Sunnaas sjukehus.

– Her er Kviteseid kommune også med som ein samarbeidspartnar saman med Telenor, Microsoft og Norsk Helsenett. Me skal sjå på bruken av appen Rattlejam til dømes i rehabilitering etter eit hjerneslag, då mykje og lik trening er ekstremt viktig, seier Hauge.

– Målet vårt er å utvikle eit konsept der Sunnaas sjukehus kan bruke appar i deira kliniske virke. Då er det viktig at ein får på plass ende til ende-løysingar som er sikre og som er nasjonalt skalerbare. Det vil seie at ein ikkje bare utviklar for Sunnaas, men at spesialhelsetenesta i kommunane eller andre helseføretak også kan gjera seg nytte av dei same verktøya. Med dette håpar me å leggje til rette for eit berekraftig økosystem for helseapp-utvikling i Noreg, fortel Hauge.

Les saka i Vest-Telemark Blad!

Faktaboks

Nano
– Nano er teknologi på atom og molekylnivå.
– Nano er det greske ordet for «dverg».
– Ein nanometer er en milliarddels meter.
– Nanoteknologien opererer på en skala frå 100 nm, som om lag er det same som storleiken på virus, ned til storleiken på atom, om lag 0,1 nm.
– Til samanlikning er tverrsnittet av et hårstrå om lag 100.000 nm.
– Storleikshøvet mellom ein nanopartikkel og ein fotball er om lag som storleiken mellom ein fotball og jordkloden.
Kjelde: Nano.teknologirådet.no