Når truverdet sviktar

Marit Nerås Krogsæter
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mogleg nokre tykkjer det er svært overdrive å fare slik på veg, men for meg er dette svært viktig. Skuffelsen kom i form av ei brosjyre frå eit samarbeidsprosjekt mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, næringsliv og fleire kommunar i fylket. Fleire av dei er nynorskkommunar òg.

Brosjyren hadde eit flott bilete av norsk natur med ei søt jente i framgrunnen. Ho hadde ei t-skjorte med eit sitat av Rønnaug Kleiva: «Eg har villa meg inn i eit område der det ikkje går tog». Ironisk nok er den faktisk kjøpt på Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda. Sjølve Aasen-landet. Utan å ha lese teksten i brosjyren gjekk eg ut ifrå at den sjølvsagt stod på nynorsk. Nynorskfylket Møre og Romsdal er den største samarbeidspartneren i forumet, så dei bør ha mykje å seie for korleis utforminga skal vere. Då brosjyren vart delt ut kunne me sjå at det einaste som faktisk stod på nynorsk var det nemnte sitatet frå Kleiva. Då slo det meg; Eg har villa meg inn i eit område der ein ikkje har ballar nok til å stå på dei språklege krava.

Eg har høyrd argumentet før: «Brosjyren skal brukast i heile landet, difor er den på bokmål». Hadde det vore slik at andre menneskje ikkje forstod nynorsk, hadde eg forstått argumentet, men slik er ikkje røynda. Eg har ein påstand: Alle forstår nynorsk, men det er ikkje alle som vil forstå nynorsk.

Når ei fylkeskommune som har nynorsk som hovudmål ikkje vil produsere materiell på det målet fordi det skal vere tilgjengeleg for alle, bør dei gå litt i seg sjølv. I staden for å gå vekk frå sitt eige hovudmål vil eg heller foreslå å bruke endå meir nynorsk. Vi kan klage så mykje vi vil om at det er alt for lite nynorsk i samfunnet, men når kommunar og ikkje minst fylkeskommunar er så lite konsekvente på sin eigen språkbruk, er det tydeleg at ein må rydde i eige reir før ein kritiserer andre.

Så i dag er eg ikkje glad i fylkeskommunen min. Fordi dei ikkje er tøffe nok. Det verkar lite truverdig. Det er som ein prøver å vere noko ein ikkje er. For å sitere ein ven frå Sørlandet: «Resten av oss forventer egentlig nynorsk fra Nordvestlandet». Det gjer eg òg. Skjerpings!