Meir til kommunane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Så mykje får kommunane

Den raudgrøne regjeringa sitt siste statsbudsjett blei lagt fram måndag føremiddag. Her blir det gjort framlegg om ein reell vekst på 7,7 milliardar kroner til kommunar og fylkeskommmunar.

Etne kommune sin vekst i frie inntekter er på 5,3 prosent, medan Vindafjord kommune kjem ut med 4,4 prosent i vekst.

— Inntektsauken legg til rette for framleis vekst i kommunale tenester, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

Frie inntekter
Veksten i samla inntekter er 1,2 milliardar kroner høgare enn den øvre grensa som blei varsla i Kommuneproposisjonen 2014. 5,2 milliardar kroner kjem som frie inntekter. Veksten i frie inntekter skal mellom anna dekkje meirutgiftene kommunane får som følgje av demografiske endringar, som auke i folketalet og fleire born og eldre, går det fram av pressemeldinga frå Kommunal og regiondepartmentet.

— Ein sunn og sterk kommuneøkonomi er viktig for at folk i heile landet skal ha eit godt tenestetilbod. Å styrkja kommunane sin økonomi har difor vore eit av dei viktigaste satsingsområda for denne regjeringa. På åtte år har me reelt auka kommunane sine inntekter med 69,6 milliardar kroner, uttaler Navarsete.

Veksten er rekna frå berekna inntektsnivå i 2013 i revidert nasjonalbudsjett for 2013. Tala viser at Etne kommune frå ein vekst på 11,4 millionar, medan Vindafjord sin vekst blir på 19,9 millionar dersom forslaget blir vedtatt.

Styrking
Av veksten i frie inntekter i 2014 går 500 millionar kroner til fornying og opprusting av fylkesvegane. 180 millionar kroner skal nyttast til å bygge ut helsestasjons- og skulehelsetenesta.

Regjeringa legg til rette for særskilt styrking av fleire kommunale tenesteområde. I tillegg til veksten i frie inntekter, gjer regjeringa framlegg om å auka løyvingar til mellom anna:

* reell nedgang i maksimal foreldrebetaling i barnehage

* opptrapping mot to barnehageopptak i året

* valfag på ungdomstrinnet

* rett til påbygging til generell studiekompetanse etter oppnådd fagbrev

* rentekompensasjonsordningane for skule- og symjeanlegg og kyrkjebygg

* kommunalt barnevern

* tiltak mot barnefattigdom

* investeringstilskot til omsorgsbustader

* påskjøningsordningar for betre kollektivtransport og mindre bilkøyring i byområda

Saka var først publisert i Grannar.