Innfrir Kulturløftet
Dei raud-grøne vil bruka 1 prosent på kultur.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vår regjering lova at innan 2014 skulle ein prosent av statsbudsjettet gå til kultur. No innfrir me lovnaden. Dette gjev slagkraft og økonomiske musklar til kulturlivet. Det legg eit viktig grunnlag for å gjere kunst og kultur tilgjengeleg for stadig fleire, og å heve kulturen sin status som samfunns- og politikkområde, seier kulturminister Hadia Tajik.
Budsjettframlegget for 2014 inneber ein samla auke til Kulturløftet på 840 millionar kroner (8,4 prosent) frå 2013. I perioden 2006–2014 har løyvingane til kulturformål auka med til saman 5,7 milliardar kroner. Det inneber meir enn ei dobling av statlege midlar til kultur.
Kulturløftet
– Kultur er heilt naudsynt for eit samfunn som legg vekt på demokrati, fellesskap, ytringsfridom og utvikling. Vi treng kultur som utfordrar og får oss til å strekkje oss – som individ og i fellesskap. Samstundes er kulturen sin eigenverdi udiskutabel. Me ynskjer at alle som vil det, skal ha høve til å skape uttrykk og få inntrykk, og at alle har tilgang til opplevingar og høve til sjølv å skape kultur, seier Tajik.
Tippenøkkelen vert endra – meir til idretten
Regjeringa foreslår å endre tippenøkkelen. Framlegget inneber at overskotet til Norsk Tipping i 2014 blir fordelt med 56 prosent til idrettsformål, 14,9 prosent til kulturformål utanfor statsbudsjettet og 18 prosent til humanitære og samfunnsnyttige organisasjonar. 11,1 prosent til kulturformål blir inntektsført i statsbudsjettet.
– Framlegget til ny tippenøkkel inneber at overføringane til idrett aukar frå 47,9 prosent til 56 prosent i 2014. Dette inneber ei auke på nær 200 millionar kroner til idretten. Det er behovet for å auke tilskotet til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg i kommunane som ligg til grunn for endringa. Tilskot til idrettsanlegg er det mest sentrale verkemiddelet i den statlege idrettspolitikken, seier kulturminister Hadia Tajik.