Eline de Leeuw frå Meland har ein skulegang mange nok er misunneleg på. På friluftslinja på Stend VGS handlar det om å vera ute i naturen. Førre veke var elevane i Nordhordland med havsport på agendaen.

Endre Hopland / Nordhordland
Endre Hopland / Nordhordland

– Vi hadde det utruleg moro. Det var veldig mykje nytt å læra, men ein fekk meistringskjensla i løpet av ein dag. Øystein (Johansen) er ein veldig flink instruktør, og opplegget var kjempebra, seier Eline de Leeuw til Nh.

Sjølv likte ho vindsurfinga best av havsportaktivitetane, men det å få prøva mykje forskjellig set ho stor pris på.

LES OGSÅ: Austrheim-elevar til havs

– Det er nettopp mangfaldet av friluftsopplevingar denne linja handlar om. Gjennom eit år får ein heilt unike opplevingar i fantastisk natur. Alt frå båtførarkurs, via jakt, til klatring, til snøholeturar i 24 minus står på programmet. Det er ei heilt fantastisk linje, seier de Leeuw.

Meland og Austrheim
Havsporten er ny av året, og altså eit samarbeid mellom skulen og Oceanordic AS. Friluftslinja satsar for fullt på havsport frå og med denne hausten, og i løpet av den siste månaden har elevane hatt ikkje mindre enn åtte dagar i det våte element. Samarbeidet har vorte ein umiddelbar suksess, seier Øystein Johansen i Oceanordic AS.

LES OGSÅ: Heimesiger i Ta sjansen

– Førre veke var elevane først på kanotur i Storavatnet i Meland i nokre dagar, med overnatting i telt. Ein fantastisk tur i nydeleg vêr. For mange er kanopadling førstegongsopplevinga med havsport, så dette vart difor ein naturleg start for elevane. Etter kanoturen hadde dei to dagar med kajakkpadling og SUP (stand up paddleboard), seier Johansen.

Under Austrheim-besøket fekk elevane mykje tid i vatnet, men dei fekk også eit innblikk i organiseringa av Havsportveka og eventbedrifta Oceanordic. Eit av måla med turen var at elevane skulle få eit innblikk i kva typar arbeid ein har moglegheit til å driva med etter avslutta utdanning, med friluftslivsbakgrunn.

– Tenker framover
Eline de Leeuw set stor pris på at også dette var ein del av undervisninga.

– Mange som går på friluftslinja tenker også litt framover, og har lyst å leva av noko relatert til utdanninga vi no tar. Vi har folk som vil jobba med jakt og viltforvaltning, folk som vil verta personlege trenarar og folk som vil starta for seg sjølv. Då er slike innblikk i korleis ein kan gjera det veldig verdifulle. Det var også interessant å høyra om korleis Øystein sjølv satsa som veldig ung, og korleis han har etablert seg, seier ho til Nh.

LES OGSÅ: Amin Askar: – Eg trudde me skulle krasja

Sjølv vil ho gå Hæren sin befalsskule, og ho er heilt sikker på at opplevingane på friluftslinja kjem til å koma godt med i denne prosessen.

– På ei slik linje vert samhaldet og samarbeidet veldig tett, og ein får i tillegg testa seg sjølv skikkeleg. Det trur eg vert viktig i framtida, seier ho.

Vidareutvikling av Nordhordland
For Johansen, Oceanordic og Havsportveka sin del er dei siste dagane med undervisning berre byrjinga.

– Vi har mykje på programmet. Til våren er planen at elevane skal vera med og legga til rette for ein aktivitetsdag for ein skuleklasse i Nordhordland. Då er elevane med på både planlegging, gjennomføring og etterarbeid. For Oceanordic og Havsportveka sin del er samarbeidet med Stend VGS eit viktig ledd i målet om å vidareutvikla Nordhordland som ein naturleg aktivitetsregion. Goda ambassadørar for havsporten også utanfor Nordhordland sine grenser er viktig, seier han til Nh.

LES OGSÅ: Den frivillige ordføraren

Saka var først publisert i Norhordland.

 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47

LES OGSÅ

ANNONSE