Grisebønder slit i motbakke

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Grisekrise

Norske forbrukarar vel heller anna kjøt enn svin, samtidig som grisehaldet har blitt meir effektivt. Resultatet er overproduksjon, med påfølgjande svikt i prisen for bøndene.

Rogaland står for over ein fjerdedel av svineproduksjonen i Noreg. Ein stor del av dette føregår på Jæren, og stemninga her er langt frå på topp.

Betre tider før
For snautt fire år sidan bygde Jone Stokkeland (25) grishus til 5,2 millionar kroner på heimegarden på Torland i Hå og byrja med slaktegris.

– Folk tente gode pengar på gris den gongen, og slaktehusa trengte meir svinekjøt, minnest Stokkeland. Så forandra tidene seg.

– Det gjekk godt fram til ifjor, i år blir det mykje mindre. Nøyaktig kor mykje er for tidleg å seia. Men slik det ser ut no, kan inntekta mi bli halvert i høve til i fjor, uttaler 25-åringen.

Han har i dag 750 slaktegrisar, og leverer 2100 i året, noko som er maksgrensa for konsesjon. Men både han og forloveden Eilen Haugstad, som han har drive saman med det siste året, må jobba ved sida av for å få det til å gå rundt økonomisk.

Kollegaer slit
Snakkar han med andre grisebønder i miljøet, er røynslene mykje av det same.

– Mange er i liknande situasjon. Folk seier dei får mindre inn. Kraftfôr har blitt dyrare, prisen for kjøtet går ned. Dei sit igjen med lite. Nei, det verkar å vera «grævla dårligt,» seier 25-åringen om utviklinga i bransjen.

For to år sidan investerte han ein halv million i ny innredning i grishuset, som var meir effektivt og gav meir per gris i dekningsbidrag.

Han er i samarbeid med Prima Gruppen, og leverer Jæren Smak-grisen. Den gir høgare pris, ettersom kvalitetskrava er høgare.

– Eg veg grisene kvar veke, for å treffa innanfor vektrammene. Det gir betre pris, forklarer grisebonden.

Gir ikkje opp
Førebels er det ikkje nok, men 25-åringen ser likevel ikkje mørkt på framtida.

– Eg har ingen planar om å leggja ned. Gjelda er såpass høg, difor må eg bruka bygget til noko som gir inntekt. Når det gjeld framtida, står mykje på om ein kjem til å tillata endå meir import av svinekjøt. Det vil gi endå lågare prisar, meiner han.

Forslaget om sluttpakke til grisebønder som vil gi seg, for å minka produksjonen, har Stokkeland lite sans for.

– Det er tull. Hål i håvet. Me har investert mykje i bygninga, og kan ikkje ha den tom. Ein kan ikkje leggja ned fordi nokon vil gi ein ein «premie.»

QUIZ: Kva veit du om norsk landbruk?

Vil leva av
I staden har paret håp og draumar om å utvida. Etter planen skal paret overta garden frå foreldra til Jone på nyåret.

– Me håpar på å tena pengar på griseproduksjonen i framtida, slik at me kan fiksa opp og investera i garden. Målet er å kunna driva garden på heiltid, seier Eilen Haugstad.

LES OGSÅ: – Vi skyv dyret ut av kjøtet

For mykje på marknaden
Per Inge Egeland, leiar for Norsvin Rogaland, stadfestar at paret på Torland ikkje er aleine i ein slik situasjon.

– Me sit med for mykje gris i produksjonen, og då fell prisane. Marknaden er nasjonal, så det slår ut for Rogaland og Jæren òg. Tidene er vanskelege, stadfestar Per Inge Egeland, leiar for Norsvin Rogaland.

Han kjem med følgjande reknestykke for å illustrera: Ein bonde med full konsesjon, 2100 slaktegriser per år, produserer etter planen 160.000 kg kjøt i året. No for tida er prisen på kjøt to kroner lågare enn vanleg per kilo.

– Som vil seia 320.000 mindre i inntekt per år. Dessutan kjem ei krone til i minus per kilo, gjennom auka omsetningsavgift ved overproduksjon, 160.000 kroner. Mest ein halv million mindre i inntekt i året, påpeikar Egeland.

LES OGSÅ: Kan denne redda verda?

– Heile løna borte
– Dramatisk?

– Klart det. Då er heile løna di borte. Ein klarer å betala rekningane og renta til banken, men kanskje ikkje avdraga. Då kan fort varsellampane byrja å blinka hjå bankane.

Norsvin Rogaland-leiaren legg til at det har vore uro i bransjen sidan prisane starta å falla, for eit års tid sidan.

– Førebels har eg ikkje høyrt om bønder som har gått konkurs. Men det ligg over mange som eit spøkelse, særleg om ein har liten grunnkapital. Held dette fram eit år til, vil mange få det temmeleg tøft, meiner Per Inge Egeland.

Faktaboks

Grisekrise
Overproduksjon og lågare prisar rammar svinebøndene.
Ifølgje ein prognose vil det bli produsert 3000 tonn for mykje svinekjøt i år. Neste år kan talet stiga til 5100 tonn.
Nortura har foreslått å betala grisebønder som vil leggja ned drifta.
Rogaland står for 27-28 prosent av svineproduksjonen i Noreg, ein stor del av dette skjer på Jæren.