Under deira verdigheit, usikker bransje og dårleg betalt er grunnane til at ungdom ikkje vil jobbe i serveringsbransjen.

NPK-NTB
NPK-NTB

Det kjem fram i ein studie som blei presentert av Åse Helene Bakkevig Dagsland på ein forskingskonferanse arrangert av Nordlandsforskningen og Universitetet i Nordland. Over 1.800 16-åringar er spurde.

LES OGSÅ: Jobbar 14 timar i døgnet

Treng arbeidskraft
Studien viser at unge ikkje vil inn i serveringsbransjen, og at bransjen slit med å skaffe arbeidskraft. Han er pressa av høg turnover, låg utdanning, ein stor del korttidsstillingar og mange tilsette med utanlandsk bakgrunn.

Ifølgje studien har foreldre stor innverknad på kva for ein utdannings- og yrkesveg barna deira vel, og Bakkevig Dagsland har spurt korleis 16-åringane trur foreldra deira oppfattar arbeid i serveringsbransjen.

Dei negative svara går på at det er under verdigheita og kompetansen til barna, at bransjen er usikker, dårleg betalt, for dei med låge karakterar og at han er stressande og monoton.

– Funna mine viser at bransjen har eit stort behov for å presentere seg sjølv på nye måtar både overfor elevane og foreldra dersom dei skal ha håp om å få den arbeidskrafta dei treng, seier Bakkevig Dagsland. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE