Måndag kveld blei Høgre og Framstegspartiet ferdige med forhandlingane om regjeringserklæringa si. Når det gjeld språkpolitikken ser det ut til at Høgre vann mest fram.
Partia har blitt samde om å setja ned eit utval som skal vurdera norskfaget med sikte på å styrkja faget som språkfag, gjera sidemålsundervisinga meir engasjerande for elevane og forbetre karaktersettinga.
Det blir dermed ikkje noko av å gjera sidemål valfritt, slik Framstegspartiet lovar i programmet sitt.
Norsklærarar må samstundes bu seg på nye endringar for norskfaget, kort tid etter at den nye læreplanen i norsk blei innført no i haust.
LES OGSÅ: Mållaget uroa for ny regjering
Vil la byråkratane bestemma sjølv
Regjeringa Solberg seier i erklæringa at dei vil støtta opp under begge målformene som hovudmål. Med dette vil dei erstatta dagens rett til å få svar på eiga målform med ein rett for tilsette i staten og språknøytrale kommunar til å bruka si eiga målform.
Regjeringa seier også dei vil styrka det nordiske språksamarbeidet.
Målungdomen nøgd med regjeringserklæringa
– Norsk Målungdom er glade for at me har blitt lytta til i sidemålspørsmålet, seier leiar Vebjørn Sture i ei pressemelding om regjeringserklæringa.
Å gjera sidemålsopplæringa betre i staden for å fjerna henne, har vore eit viktig krav for NMU i mange år. Sture gler seg over at den nye regjeringa går med på dette.
– Me er nøgde med at den nye regjeringa har prioritert meir kunnskap i skulen framfor gamle kjepphestar, forklarer Sture. Han framhevar vidare at NMU har vore ein pådrivar for å styrkja norskfaget som språkfag, noko Høgre og FrP også går inn for i regjeringserklæringa.
Målungdomsleiaren er ikkje einig i Høgre og FrPs lovnad om å hola ut mållova, men tek likevel den saka med knusande ro.
– Høgre og FrP er dei einaste partia som har gått til val på å svekkje den språklege likestillinga i statstenesta. Stortingsfleirtalet som trengst for å gjennomføra det, eksisterer ikkje, konstaterer Sture.
– Kort sagt går Høgre og FrP inn for å styrkja norskfaget generelt og sidemålet spesielt. Når den einaste antinynorske lovnaden deira er eit symbolsk lovendringsforslag utan støtte i Stortinget, skal eg nok sova godt om nettene dei neste fire åra, smiler Sture.
– Alt i alt er regjeringserklæringa eit godt utgangspunkt for det vidare arbeidet med å styrkja nynorsken. Det noterer me gladeleg som ein siger, avsluttar Sture.