Det første i landet?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Du har kanskje lagt merke til det vesle «huset» med skiltet «Little Free Library» som i sommar har stått utanfor leselunden ved biblioteket, og lurt på kva det er? Vi lurte også, og tok ein telefon til biblioteksjef Trude Hege Bergesen som forklarar fenomenet. «Little Free Library» er ei slags rørsle eller organisasjon som oppfordrar folk til å byggja og registrera små, gratis minibibliotek.

– Det fekk vi også lyst til å laga, og med delar av prosjektmidlane vi fekk til å laga leselunden bestilte vi eitt hos brukarane av Fatland aktivitetshus, som har bygd eitt til oss. Når vi har registrert det får det eige nummerskilt og blir plotta inn på eit verdskart. Slik det ser ut er vårt minibibliotek det første i landet, seier Bergesen oppglødd.

Gåve
Ho fortel at planen er at minibiblioteket skal flyttast til ein mindre plass i Kvinnherad som treng det.

– Det må stå på ein offentleg plass der det er tilgjengeleg for alle, og vi tenkjer oss at det er best at ein organisasjon eller velforeining kan ta ansvar for det. Ideen vår var kanskje Varaldsøy, fordi det er langt til biblioteket på Husnes for dei som bur der. Dei har i tillegg mange sommargjester som kan ha nytte av det. Men vi har ikkje hatt kontakt med folk på Varaldsøy enno, så er det andre som har veldig lyst på det må dei gi beskjed så kan vi vurdera dei også.

Kanskje fleire?
Bergesen legg til at dei som får minibiblioteket i gåve kan setja sitt eige preg på det med maling, innvendig lys og liknande. Dei tilsette på Kvinnherad bibliotek vil utstyra det med gode bøker dei anbefaler.

– Prinsippet er at når du tek ei bok, så legg du ei igjen. Slik sirkulerer bøkene. Konseptet finst fleire stader i verda, og det er mange minibibliotek i USA. Men i Europa er det berre nokre få, og vi har som sagt ikkje sett nokon i Norge. Vi håpar det kan bli ein slags attraksjon dit mini-biblioteket kjem!

Einaste kravet frå biblioteksjefen til mottakarane av minibiblioteket er at biblioteket på Husnes får låna det innimellom til spesielle høve.

– I det siste har mange kome til oss og skrytt av minibiblioteket. Om det blir sakna på Husnes kan det jo henda at vi finn prosjektmidlar til å laga eit nytt til neste år. Kanskje vi kan skapa ei lita «Little Free Libarary»-rørsle i Norge også?

Les saka i Kvinnheringen!