Tradisjonelle klyngjetun med ein moderne vri kan bli berekraftige framtidsbustader i distrikta.

NPK-Andrea Øien Sæverud
NPK-Andrea Øien Sæverud
Faktaboks

* TUN+ prosjektet vil få fram berekraftig bustadbygging i strok med spreidd busetnad og typiske bygdemiljø.
* Eit samarbeid mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune og arkitektkontoret Ola Roald AS.
* Prosjektet har fått Bulyst-midlar og støtte frå Innovasjon Noreg til vidareutvikling.
Kjelde: Sogn og Fjordane fylkeskommune (©NPK)/ Distriktsenteret

LES FAKTALUKK FAKTA

Bålplass, badestamp og benker ligg mellom små hus som står litt hulter til bulter, knytt saman av ein landeveg. Nede ved sjøen ligg eit felleshus med brygge. Teikningane viser pilotprosjektet TUN+, eit bustadprosjekt som er bygd opp som eit tradisjonelt vestlandsk klyngjetun. Konseptet er utvikla av Høgskulen i Sogn og Fjordane i samarbeid med fylkeskommunen og arkitekt Ola Roald. Tanken bak samarbeidet var å få fram berekraftig bustadbygging i strok med spreidd busetnad og typiske bygdemiljø.

– Dette er ein måte å bu på som vi trur har noko føre seg i den tida vi lever i, seier arkitekt Ola Roald.

Målet er at modellen skal ha ein overføringsverdi og ende opp i konkrete utbyggingar fleire stader i landet. I kommunane Solund og Sogndal ligg det allereie klart reguleringsplanar i tråd med prinsippa i TUN+.

Små naturtomter
Eit klyngjetun er kjenneteikna ved at det har mange bruk som står tett saman, gjerne uregelmessig. Tuna oppstod ved gjentekne bruksdelingar, der teigane blei stadig mindre. I TUN+ prosjektet er det òg lagt opp til forholdsvis små tomter, fortel arkitekt Ola Roald.

– Det som skil prosjektet frå eit vanleg strøk med einebustader, er mellom anna mindre tomter. Bustadene er enkle å halde, men med fellesområde som ein kan gjere det ein vil ut av. Vi legg ikkje opp til store hagar, men satsar på naturtomter. Kanskje kan ein sjå på det som ei leilegheit som står fritt ute i naturen, seier Roald.

Bustaden skal også vere enkel å tilpasse til eigne behov – også om desse skulle endre seg.

– Vi jobbar og med eit mellomrom mellom den ytre kledningen og dei varme inneromma der ein kan hogge ved, tørke kle, eller ha ergometersykkelen. Dette rommet vil også kunne innlemmast i bustaden på sikt, viss ein treng meir plass, forklarer arkitekten.

Utfordrar trenæringa
Noko av grunntanken bak TUN+-prosjektet er at bustadene skal vere miljøvenlege. Husa skal byggjast i massivtre og med pustande og naturleg ventilasjon som skal gi eit sunt inneklima. Naturbaserte vatn- og avløpsløysingar skal ta vare på landskapet og naturen, og husa er utan kjellar slik at det blir små terrenginngrep.

Trehusa i TUN+ ser ikkje ut til å bli dyrare enn vanlege hus, tvert imot.

– Tilsvarande prosjekt i Sverige viser at slike tun blir billigare. Men det må også seiast at i Sverige har dei kome lenger med samarbeidet gjennom verdikjeda frå trestamme til ferdig hus, så i Noreg vil det kanskje koste like mykje som eit konvensjonelt hus, seier prosjektleiar for TUN+ i Sogn og Fjordane fylkeskommune Trond Sundby.

Han har stor tru på tre som eit byggjemateriale for framtida.

– Dagens passivhus blir bygd som plastbobler, der ein er heilt avhengige av ventilasjonssystem. Eg trur dette kan føre til at folk blir sjuke, seier han.

Vegen vidare
Prosjektet er no eitt steg nærare realisering etter at det har fått 170 000 kroner frå hovudutvalet for plan og næring i fylket. Også samarbeidet med grunneigarane på Lomelde utanfor Sogndal der ein ser føre seg den første utbygginga, har vore godt. Prosjektleiar i fylkeskommunen Trond Sundby vedgår likevel at dei framover er i ei sårbar fase.

– Det er vanskeleg å kome frå rapport til realisering. Vi håpar no å få på plass eit visingshus slik at folk forstår kva det er.

Han har stor tru på konseptet med å krydre eit privat bustadområde med mange sosiale møteplassar.

– Einsemd er eit veksande problem i samfunnet, men desse tuna legg opp til at folk kan treffe naboen sin, om dei vil. Samtidig vil tuna bidra til næringsutvikling i byggjebransjen. Slik sett er det eit heilskapleg prosjekt, seier Sundby.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE