Krabbekrise

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Omsetnaden i Hitramat gjekk opp med knappe 10 prosent i fjor, men resultata hang etter.

Driftsresultatet sokk med 16 prosent, medan resultat før skatt enda med 6,6 millionar kroner, ned 1 million frå 2011.

LES OGSÅ: Fryktar smørkrise kan verta smørkrise

Betre krabbesesong
– Vi er ikkje nøgde med fjoråret. Kvitfisk gav tap og krabbe var heller ikkje spesielt godt i fjor. Det var både lågare kvalitet og volum på krabben, seier dagleg leiar og største aksjonær i Hitramat, Anton Fjeldvær til Fiskeribladet Fiskaren.

I fjor produserte Hitramat 3.100 tonn taskekrabbe, som utgjer 80 prosent av produksjonen i konsernet. I år budsjetterer Fjeldvær med 3.500 tonn krabbe.

– Krabben er betre i år, både fangst og kvalitet. Der er så stor etterspurnad etter krabbe at vi klarar ikkje å dekkje opp. Vi kunne hatt mykje meir, salet går opp år for år, seier han.

LES OGSÅ: Sein vår kan gje ny smørkrise

Krabbe til Frankrike
Dei viktigaste marknadene for Hitramat er Noreg og Frankrike, det er der dei største kundane er. Dei største i Noreg er daglegvarekjedene i NorgesGruppen, Coop og Ica.

Hitramat tek imot krabbe frå 25– 30 stasjonar langs kysten og akkurat no er sesongen på topp.

– Det startar forsiktig i juni og toppen er august til og med oktober. Det er på hausten det er full aktivitet, seier Fjeldvær.

Hitramat har foredlingsanlegg i Hitra hamn, med om lag 120 tilsette.