– Skal ikkje vere misjonerande

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Human-Etisk forbund går ut og seier at faget strider mot menneskerettane. Det er ikkje rett, seier leiar i KrFU Elisabeth Løland, og utdjupar:

– Det er rett at Noreg tidlegare har vorte felt for KRL-faget, men det var fordi det var ein kvalitativ forskjell i undervisninga, der ein antyda kva som var rett, seier Løland, som har vore med å utforme forslaget til det nye KRLE-faget.

  LES OGSÅ: KRLE-fag kan bryte med menneskerettane

Twitter-engasjement
I skrivande stund har 14.702 personar signert på eit opprop mot KRLE. På Facebook-sida Nei til KRLE har dei over 24.000 likar, tre dagar etter at gruppa vart starta.

– Eg meiner at demokratiet ikkje berre skal finne stad på valdagen, seier Magnus Hustveit, initiativtakaren bak oppropet mot det varsla KRLE-faget. Han vonar at så mange som mogleg skriv under og vil få politikarane til å svare for seg, anten i media eller ved å konfrontere dei direkte.

Endringane i det livssynsfaget som i dag heiter RLE engasjerer. I går var #KRLE på fjerdeplass av mest brukte merkelappar på Twitter.

– Det verkar som om politikarane har funne ut av sosiale medium som taleplattform og til reklame, men at dei ikkje har funne ut at det er ein god måte å få tilbakemeldingar frå folket, meiner Hustveit, som til dagleg arbeider med IT-support.

Noverande kunnskapsminister Kristin Halvorsen er mellom dei som har ytra si meining på Twitter:  «I alle fag er det læreplanene som styrer innholdet, men nå skal det sikres 55% kristendom i (K) RLE, der skal stoppeklokka styre?»

I tillegg gjekk biskop Erling Pettersen, som var med å utforme KRL, forgjengaren til RLE, nyleg ut i media og åtvara KrF mot ein ny livssynskamp i skulen.

LES OGSÅ: Fryktar meir konflikt i skulen

Over halvparten kristendom
Hustveit meiner at for vesle KrF er det nye livssynsfaget ein veldig god avtale.

– Konsekvensen er at eit parti som representerer rundt 5 prosent av folket har påverknad på 100 prosent av folket. Det er eit problem, sidan dette kan skje uavhengig av kva ein stemmer, slår Hustveit fast, men legg til at òg Frp hadde programfesta meir kristendom i Noreg.

Det er faktum at KRLE-faget skal innehalde 55 prosent kristendomsundervisning han er motstandar av.

– Eg reagerer på at ein religion skal setjast føre andre religionar, når me lever i eit samfunn med mange religionar og livssyn, seier Hustveit, som ynskjer seg ein uavhengig og nøytral skule.

LES OGSÅ: Fleirtal for kristent forankra Grunnlov

– Eit steg bakover
Elevorganisasjonen er òg kritiske til at K-en skal inn att i RLE-faget.

– Me meiner at dette forslaget er eit steg bakover i ein skule som skal vere framtidsretta, seier leiar i Elevorganisasjonen Liv Holm Heide.

Ho fryktar at meir kristendom i skulen vil gå utover dei andre religionane og spesielt etikkundervisninga.

– Me lever i eit mangfaldig samfunn, og då er det viktig at elevane lærer om ulike relgionar, slik at dei kan forstå kvarandre, forstå andre kulturar og forstå ulike konfliktar i verda, meiner Holm Heide, som vil ha like stor plass for alle religionar.

– Eg vonar politikarane tenkjer seg godt om før dei gjer endringar i eit fag som fungerer godt i dag, seier leiaren i Elevorganisasjonen.

LES OGSÅ: Vil opna KrF for ikkje-kristne

Vil ikkje misjonere
Leiar i KrFU Elisabeth Løland forklarar at sjølv om det vil verte eit obligatorisk krav om meir kristendomsundervisning i KRLE, vil det ikkje vere ein kvalitativ forskjell der ein antyder kva religion eller livssyn som er det riktige.

I det noverande RLE-faget er det større valmoglegheiter for den enkelte skule kva dei ville prioritere.

– Mange skular har nytta rundt halvparten til kristendomsundervisning, medan andre har nytta eit minimum, seier Løland, som no vil sikre eit maksimum av akseptert kristendomsundervisning, utan at kompetansemåla i livssynsfaget vert endra nemneverdig.

Ho meiner at det er viktig at born og unge får grundig kjennskap til kristen tradisjon, for å forstå korleis det har påverka både språket og samfunnet vårt, særleg i dagens multikulturelle Noreg.

– Det er ikkje uvanleg i slike debattar at folk skyv innvandrarar framføre seg, seier Løland og peiker på at  motstanden kjem frå Human-Etisk Forbund, ikkje Islamsk Råd.

Ho meiner det framleis vil vere plass til andre religionar og livssyn, sjølv om kristendommen er høgast prioritert kvantitativt.

– Det er ikkje KrF si meining at det skal vere misjonerande fag i skulen, det får vere foreldra sin rett og ansvar, seier Løland.

LES OGSÅ: Slik vil Høgre og Frp styra Noreg