Nettsidene til romforskingsprogrammet NASA er nede og 97 prosent av dei tilsette er permittert. Shutdown i USA rammar breitt.

mm

Det er ikkje sikkert at det kjem store nyheiter NASA i næraste framtid. Freistar ein å gå inn på nettsidene deira vert ein vist vidare til ei side om regjeringa sin shutdown.

Sparer på vatnet
Mellom 800.000 og ein million amerikananrar er tvangspermittert frå og med tysdag, som følgje av at Kongressen ikkje har klart å verte einige om eit nytt budsjett.

For fyrste gong på 17 år har USA har gått inn i det dei kallar shutdown. Sidan staten ikkje har eit budsjett har dei heller ikkje lov å bruke pengar. Det er sparing i alle endar. I Washington D.C. vert vatnet stengt I 45 fontener.

Sidan budsjettet for Washington D.C. må verte vedteke i Kongressen vil det heller ikkje vere søppelmenn i arbeid under under shutdown.

LES OGSÅ: – USA overvakar sosiale medium

Ikkje turisttid
Skal du til USA for å vitje friheitsgudinna eller nasjonalparkar kan det vere lurt å vente litt.

Den amerikanske budsjettkrisa breier seg ut over landet, og får store konsekvensar, òg for turistar. Den legendariske friheitsgudinna, nasjonalparken Acadia, Mount Rushmore og Independence Hall er mellom severdigheitane som stengjer, skriv australske news.com.au.

I tillegg har Yellowstone nasjonalpark gitt sine gjester ein tidsfrist for å kome seg ut. Heile 368 nasjonalparkar over heile USA må stengje, i tillegg til alle nasjonalmuseum, ifølgje CNN.

Det er heller ikkje lett for kunnskapssvoltne amerikanarar å  vitje nasjonalbiblioteket Library of Congress på ei stund. Biblioteket melder på Twitter at dei stengjer på ubestemt tid.

LES OGSÅ: Møter motstand i Kongressen

Vanskeleg våpentillating
I dei ulike departementa er mellom 80 og 100 prosent av dei tilsette permittert utan løn. Berre dei aller mest naudsynte er på jobb.

Det er likevel ein ting som ikkje er så aller verst med budsjettkrisa, sett med våpenmotstanadarar sine auge. Direktoratet for alkohol, tobakk, skytevåpen og sprengstoff er midlertidig stengd, noko som gjer det vanskelegare å få våpentillating i USA.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE