– Dette er verkeleg fantastiske nyhende, og det er berre å gje honnør og ære til Venstre og KRF som har fått gjennomslag for dette, seier NU-leiar Silje Lundberg.

mm

Venstre og KRF har sikra at Lofoten, Vesterålen og Senja, Møreblokkene, Skagerrak, Jan Mayen og iskanten i Barentshavet skal haldast fri for petroleumsverksemd. Natur og Ungdom meiner dette er ein stor siger for miljøet!.

– Frp og Høgre er for å opna for oljeboring i Lofoten, men nok ein gong har miljøpartia stoppa dei fossile. Me har heile tida sagt at Lofoten, Vesterålen og Senja får dei aldri. I dag fekk me beviset på at det nyttar å slåst. Nok ein gong er matfata i verda sikra. Akkurat det kjennest useieleg fantastisk, seier Silje Lundberg, leiar i Natur og Ungdom i ei pressemelding.

Rører ikkje naturmangfaldlova
I 2009 vart naturmangfaldlova innført i Noreg, og med det kom det endeleg eit lovfesta vern av norsk natur. Høgre og Framstegspartiet har fleire gonger tidlegare teke til orde for å svekkja lova, og dermed òg svekkja vernet av truga, norsk natur.

Samarbeidsavtalen med Venstre og KRF opnar for ein gjennomgang av praktiseringa av lova, noko Natur og Ungdom fryktar vil føra til ei svekking.

– Denne lova er ein av dei viktigaste miljøsigrane frå den raudgrøne regjeringa. Då han vart lagt fram uttalte Høgre at dei syntest det var synd at han ikkje gjaldt for heile havet. Dersom dei no tek ei heilomvending og går inn for ein svekking av lova er det første stega mot ein politikk som raserer norsk natur, det kan vi aldri gå med på, seier Lundberg.
 

Krev klimavennleg regjeringserklæring
I samarbeidsavtalen skriv dei fire partia at dei vil føre ein offensiv klimapolitikk og forsterke klimaforliket. Dette er ord som forpliktar, og Natur og Ungdom forventar ei regjeringserklæring med ein klår klimaprofil, som styrkjer klimapolitikken i Noreg.

– Det har aldri vore viktigare at Noreg tek ansvar i klimakampen. FNs klimapanel sa klårt ifrå førre veke: No må utsleppa ned. Dette må den nye regjeringa ta konsekvensen av, seier Lundberg.

Unge Venstre la tysdag ut dette biletet på Twitter der dei feirar sigeren saman med Natur og Ungdom.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE