Sauen er eigentleg ein superhelt, meiner biolog Anna Blix.

I fjor vann Anna Blix Masterstipendet for si oppgåve om effektane av sauebeiting i fjellet. No har ho byrja arbeidet med ei bok om betydinga til sauen. På sundag kan du høyre biologen forklare kvifor dei kvite ulldottane eigentleg er superheltar på Naturhistorisk museum i Oslo.

Ny saueforsking
Arbeidet med masteroppgåva starta med ni veker feltarbeid i Hallingdal, der Blix kartla interaksjon mellom sau og planter. Oppgåva var del av eit ti-årig forskingsprosjekt på dei økologiske effektane sauen har i alpine fjellandskap.

– Når sauen beitar i utmarka påverkar den økosystem og landskap, men inntil nyleg har vi hatt lite kunnskap om korleis, seier Blix.

Ved å ha ulik tettleik av sau på beite i store inngjerdingar, har forskarane forsøkt å avdekkje betydinga av at to millionar ulldottar kvart år vert slopne i utmarka.

LES OGSÅ: – Berre massive inngrep nyttar

Sikrar artsmangfald
– Sauen kom til Noreg for kring fem tusen år sidan, og har konkurrert med og delvis teke over for dei ville beitedyra, fortel Blix.

At den hindrar utmarka i å gro att er nok den mest kjende av ”superkreftene”. Sauen et nokre planter og let andre stå, og den gjødslar utmarka. Om den ikkje får gjere jobben sin og utmarka gror att har vi eit miljøproblem, ifølgje biologen.

– Gjengroing kan føre til at vi misser artar som treng opne areal for å vekse. Då minskar artsmangfaldet og økosystema vert mindre robuste. På sikt får systema dårlegare evne til å stå i mot store endringar, som klimaendringane, utdjupar Blix.

Mindre kjend er det kanskje at sauen også påverkar både insekt, fuglar og gnagarar. Forskarane fann mellom anna at det er færre markmus i område med mykje sau. I tillegg påverkar sauen årringane i trea, og den held skoggrensa nede.

Her kan du lese meir om saueforsking.

(artikkelen held fram under bildet)

Anna Blix skal skrive bok om betydinga til sauen. Foto: Helga Bårdsdatter Kristiansen

Historia til sauen
Til dagleg arbeider Blix med kulturlandskap i miljøorganisasjonen Sabima – Samarbeidsrådet for biologisk mangfald.Med stipendet ho hanka inn ved hjelp av masteroppgåva og tilskot frå Norsk faglitterær forfattarforeining, held biologen i tillegg på med å skrive saue-bok.

– Det vert ei populærvitskapleg bok om historia til sauen, sauelandbruket, og sau og økosystem, fortel Blix.

Ei av dei historiske utviklingane ho sjølv tykkjer er interessant, er korleis nasjonal politikk har påverka landbruket.

– Det er meir lønsamt å ha store, kjøtfulle dyr enn små dyr, noko som fører til at vi har tyngre sauerasar enn før. Det har konsekvensar for rovdyrproblematikken, fordi desse nyare rasane er dårlegare til å passe seg for rovdyr, fortel Blix.

LES OGSÅ:Ja, vi elsker norske røter

Ønskjer debatt velkomen
Ho ønskjer ein debatt om landbruk og sau i Noreg velkomen.

– Sauedrift i dag er prega av meir intens drift, med større bruk og fleire dyr. I tillegg har kraftfôrimporten auka. Med andre ord ligg utmark brakk i Noreg, medan areal i utlandet som kunne ha vore brukt til å dyrke mat til folk, vert brukt til å dyrke fôr. Desse endringane er vel verdt større debatt, seier Blix.

Ho understrekar samstundes at sjølv om kraftfôrbruken i sauehald har auka, er bruken liten her samanlikna med mjølkekyr, gris og kylling.

– Sau er ein superhelt, men det kan også føre til mindre artsmangfald dersom eit område ikkje vert beita med riktig beitetrykk, eller med same type dyr som før. Sau og ku beitar på heilt ulike måtar. Sauen har eit veldig stor potensiale dersom vi legg til rette for eit landbruk som både er ressursmessig, artsmangfaldsmessig og økonomisk lønsamt, avsluttar Blix.

LES OGSÅ:Forskarar uroa over insekt-svikt


Sauen hindrar gjengroing og kan ha positiv verknad på artsmangfald. Foto: Helga Bårdsdatter Kristiansen

Oppdatert: sundag 15. oktober 2017 12.26

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE