Flest veljarar bak Rasmus Hansson

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har flest veljarar i ryggen

Det er det norske systemet med utjamningsmandat som fører til enkelte merkelege utslag. Senterpartiet er det partiet som har fått flest representantar ut frå talet røyster, med ti stortingsmandat, som kvar har 15.536 røyster i ryggen, skriv VG.

LES OGSÅ: Sp kraftig ned i Sogn og Fjordane

På vegne av mange
Men den eine representanten frå MDG har altså langt fleire røyster bak seg enn dei ti representantane til Sp.

– Når eg legg fram synspunkt, gjer eg dermed det på vegner av mange veljarar, seier Rasmus Hansson, den nye stortingsrepresentanten frå MDG.

Dårlegast betalt av dei etablerte partia får SV. Dei sju stortingsrepresentantane har kvar 16.574 røyster bak seg, medan Venstre har 16.475 røyster per stortingsrepresentant.

Dei andre fire etablerte partia, Ap, Høgre, Frp og KrF, ligg alle med mellom 15.800 og 16.000 veljarar bak kvar sin representant.

LES OGSÅ: Heilgrøne Hanna

Sperregrense og utjamningsmandat
Raudt hadde 30.751 røyster, medan eit parti som Dei Kristne fekk 17.731 røyster, begge altså fleire enn mange av dei etablerte partia fekk per representant. Likevel hamna dei utanfor Stortinget.

Med ei sperregrense på rundt 2 prosent, som i Danmark, kunne begge partia vore inne på Stortinget.

– Ideelt sett burde det ikkje vore sperregrense, men at kvart parti fekk mandat ut frå talet røyster, meiner Raudt-leiar Bjørnar Moxnes.

I Noreg er det eitt utjamningsmandat per fylke, noko som kan innebere at kandidatar med få veljarar bak seg kan kome inn på kostnad av partifellar frå andre fylke med fleire veljarar bak seg.