Medaljejakt i mørkret

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dei har gjort ganske mykje dei siste åra for å gjere sporten meir publikumsvennleg, men litt av poenget kan forsvinne når du spring i merka løyper inn på arenaen og har publikumspostar, seier Jon Nilsen (18).

I helga skal han og lagvenninne Synnøve Bråten (18) frå Vegårdshei IL -med nummer på brystet -freiste å ta heim NM-titlar i dameklassen og herreklassen for 17- og 18-åringar.

LES OGSÅ: Med sopelime mellom beina

Nettdekning
Orientering er tradisjonelt sett ein utfordrande publikumssport, fordi løparane gøymer seg i skog og utmark. Dette har orienteringsmiljøa dei seinare åra funne ei løysing på ved hjelp av internett og GPS.

Gjennom natta kan ein følgje utvalde løparar, mellom anna Bråten og Nilsen, på nett ved hjelp av GPS. Det vil òg kome uoffisielle resultat og lyd og bilete frå arenaen undervegs.  

– Eg veit at i alle fall familien min kjem til å følgje med meg på GPS, fortel Synnøve.  

Jon reknar òg med at det vert hovudsakleg familien som følgjer med. Les korleis du følgjer meisterskapet på nett her.

Nattsyn og overbelasting
Jon Nilsen har tidlegare gjort det betre i dagslys enn på nattetid.

– Det er vanskelegare enn orientering på dagen, fordi ein ikkje ser så langt. Eg har ikkje løpt nattorientering sidan NM i fjor, fortel Jon, som då enda på ein 8. plass, noko han ikkje var nøgd med.

Synnøve har heller ikkje trent mykje på nattorientering og har vore noko plaga av skadar, sidan fjoråret.

– Eg har hatt overbelastning i hofta og leggen, noko som gjekk ut over treninga. Eg har trent ordentleg igjen frå i sommar. Eg har lyst til å gjere det bra og skal forsøkje å ikkje bomme, seier Synnøve.

– Det er eigentleg det same som på dagen, berre i mørkret, men eg likar best orientering på dagen, seier løparen.

LES OGSÅ: Lokkar fleire med friluftsliv

– Spesiell grein
Mottoet til gruppa som har arbeidd med NM i nattorientering er: “Av entusiastar for entusiastar.”

– Nattorientering er jo ei spesiell grein, sjølv innanfor ei så spesiell grein som orientering, seier Ivar Maalen, i Hovudkomiteen for Norsk orientering. Han fortel at dei som spesialiserer seg på nattorientering er favorittar.

Nytt i årets NM i nattorientering er at løparane startar individuelt. Maalen trur at dette vil prege løpet. Det er heller ikkje vanleg i noregsmeisterskap med liveresultat frå meldepostar, slik dei har lagt opp til under arrangementet.

– Orientering kan gjerast spanande for sportsentusiastar, og seinast i sommar vart verdsmeisterskapet sendt på tv, forklarar Maalen.

Vanskelege vegval
Dei yngste jentene må finne seks postar på 4,5 kilometer, medan dei yngste gutane må finne ti postar på 7,4 kilometer. Den lengste løypa har herrane, med 13 postar på 11,2 kilometer. Det betyr at det vert relativt lange strekk mellom postane. Terrenget er skog med ein del store stiar og ein høgdeforskjell på 150 meter.

– Eg reknar med at løypa ikkje er like vanskeleg som ho ville vore om dagen, trur Jon, som har lest seg opp på den informasjonen som er tilgjengeleg til no.

Det er tidlegare noregsmeister Håvard Leite som har lagt ut postane for løpet. Han har ingen klare favorittar mellom dei yngste deltakarane.

– Når det gjeld juniorar er det nesten som lotteri å driva med stipulering. Det er umogleg å vete om ein av dei går gjennom utan å bomme, sa Leite, til Norsk Orientering.

Og Jon har taktikken klar for å hamle opp med nattspesialistane.  

– Det vert nok mykje vegval. Eg skal difor halde eit roleg tempo frå starten, auke på etter kvart og ha gode ledeliner.