Frå 50 til 95 prosent sikkerheit

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kor sikkert er 95 prosent?

I 1995 var forskarane i FNs klimapanel 50 prosent sikre på at menneska påverka global oppvarming. I 2001 sa dei det same med 67 prosent sikkerheit.

Sist gong panelet lot høyre frå seg, i 2007, var den globale oppvarminga ”utvetydig” og kom ”svært sannsynleg” på grunn av menneskeskapt auke i konsentrasjonen av klimagassar. Svært sannsynleg tyda då at forskarane var 90 prosent sikre i si sak.

LES OGSÅ:– Berre massive inngrep nyttar

Fredag kom første del av den femte rapporten frå klimapanelet. Her konkluderer forskarane med at det er mellom 95 og 100 prosent sikkert at klimaendringane er menneskeskapte. Kva tyder eigentleg det?

ABC Newsskriv at det er eit mistilhøve mellom kor sikre forskarane seier at dei er, og kor sikre folk oppfattar at forskarane er.

Forskarar innan ei rekkje ulike felt har difor blitt spurde om kva forsking som er sikrare enn menneskeskapte klimaendringar, kva som er omtrent like sikkert, og kva som er mindre sikkert.

Tyngdekraft er eit døme på noko som er sikrare enn klimaendring.

– Klimaendringane er ikkje like sikkert som at ein stein vil falle til jorda om du slepp den, seier klimaforskar ved Princeton-universitetet Michael Oppenheimer, ifølgje avisa.

– Klimaendringar er ikkje heilt sikkert, men det er nærme.

LES OGSÅ: Klimapanel skuldar på menneska

Ifølgje ABC News er forskarane like sikre på at global oppvarming er ein verkeleg, menneskeskapt trugsel, som dei er på at sigarettar tek liv. Dei er òg like sikre på klimaendringar, som dei er på alderen til universet.

Og dei er sikrare på klimaendringar enn dei er på at vitaminane du tek er sunne.

– Usikkerheit er ein del av ei kvar vitskapleg vurdering. Kjem sola til å stå opp i morgon? Vitskapsfolk veit at svaret er ja, men dei kan ikkje eigentleg seie det med 100 prosent sikkerheit fordi det er så mange faktorar der ute som ikkje er forklart, seier epistemolog Thomas Bruke ved John Hopkins-universitetet, ifølgje ABC News.

LES OGSÅ:– Sei meininga di om verda