Talet på sysselsette auka med 19.000 personar frå april til juli i år, likevel auka arbeidsløysa til 3,6 prosent.

NPK-NTB
NPK-NTB

Arbeidsløysa var på 3,6 prosent i juli, opp frå 3,4 prosent i april.

Sesongjusterte tal frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) syner at det i juli var 3000 fleire arbeidsledige enn i april, opplyser Statistisk sentralbyrå (SSB).

Talet på registrerte arbeidsledige og personar på ordinære sysselsetjingstiltak auka med 2.000 personar frå april til juli.

LES OGSÅ: Har minst arbeidsløyse

Meir enn forventa
Auken er innanfor feilmarginen til SSB, slik det har vore sidan årsskiftet. Arbeidsløysa har likevel stige meir enn venta, ifølgje analytikarane. På førehand var det venta ei arbeidsløyse på 3,4 prosent.

– Tala for veksten i sysselsetjinga i juli var noko sterkare enn vi har sett i det siste, og isolert sett burde vi sjå det som positivt. Men tendensen er at det er noko lågare vekst i sysselsetjinga enn i åra føre. Det biletet held seg. Arbeidsstyrken steig likevel meir enn sysselsetjinga og bidrog til at arbeidsløysa i prosent av arbeidsstyrken steig meir enn venta, seier analytikar Magne Østnor i DNB Markets.

Tala for juli er eit gjennomsnitt for månadene juni, juli og august, medan tilsvarande tal frå april er eit gjennomsnitt for mars, april og mai.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.46

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE