Har minst arbeidsløyse

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Ved utgangen av april er 4.283 personer heilt arbeidslause i Rogaland. Dette utgjer 1,7 prosent av arbeidsstyrken og er to prosent lågare enn i same periode i fjor.

Rogaland ligg dermed aleine på botn med den lågaste arbeidsløysa av alle fylka, etterfylgt av Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal på 2,0 prosent. I heile landet er 2,6 prosent av arbeidsstyrken utan arbeid.

— Haugesund kommune slit med den høgaste arbeidsløysa i fylket, men det er også her me ser at nedgangen i talet arbeidslause er størst, seier direktør i NAV Rogaland Truls Nordahl.

Haugesund har 25 prosent færre heilt arbeidslause samanlikna med same periode i fjor.

mykje som tyder på at arbeidsløysa i Rogaland vil halde seg låg framover

Det er regionvise forskjellar.

— Det blir færre heilt arbeidslause i fleire kommunar på Haugalandet, medan det er ein liten auke i arbeidsløysa i Stavanger-regionen og i Ryfylke. Dalane-regionen har ein svært stabil arbeidsløyse samanlikna med april i fjor, fortset Nordahl.

Stavanger og Egersund har lågast arbeidsløyse av dei store byane i fylket, med høvesvis 1,6 og 1,5 prosent. Sandnes har ein arbeidsløyse på 2.0 prosent, medan det i Haugesund og på Karmøy er høvesvis 2,7 og 2,4 prosent helt arbeidslause.

Mange utlyste stillingar 

Det vart lyst ut 2524 stillingar i Rogaland i april månad. Berre Oslo og Hordaland har fleire ledige stillingar denne månaden.

— Talet på ledige stillingar er høgt, og sett i samband med nedgangen i talet på personer heilt utan arbeid er det mykje som tyder på at arbeidsløysa i Rogaland vil halde seg låg framover, seier Nordahl.

Flest ledige stillingar denne månaden finn me innan yrkesgruppene Helse, pleie og omsorg med 640 stillingar, og undervisning der me finn 310 ledige stillingar.

LES OGSÅ: Ny satsing for å få fleire unge i arbeid

Lokale tal

Ved utgangen av april var det 67 heilt ledige i Vindafjord. Det utgjer 1,5 prosent av arbeidsstyrken og ein nedgang på tre siste månad.

Også Etne kommune i Hordaland har nedgang i talet på arbeidslause; tre den siste månaden og 14 det siste året. Siste tal viser 32 ledige som gir 1,1 prosent arbeidsløyse.

Nav sine tal viser at arbeidsløysa i Sunnhordland har hatt ein nedgang på 24 personar sidan mars. Det er 192 færre heilt arbeidslause enn i april 2012 då arbeidsløysa var på 2,6 prosent.

LES OGSÅ: NHO: – Noreg har ikkje plass til fleire svenskar

Hordaland

I april var 5.392 hordalendingar utan arbeid. Dette er ei arbeidsløyse på to prosent av arbeidsstyrken, og ein nedgang på 1,7 prosent samanlikna med april i fjor.

I heile landet var arbeidsløysa 2,6 prosent i april.

— I Hordaland er tilgangen på ledige stillingar éin og ein halv gang så høg som tilgangen på arbeidssøkjande, seier fungerande fylkesdirektør i NAV Hordaland Tommy Johansen.

Det betyr at arbeidsmarknaden i Hordaland er ein av landets beste for dei som søkjer arbeid eller vurderer å byta jobb.

— Sjølv om arbeidsmarknaden er god for dei arbeidssøkjande kan han vere utfordrande for bedriftene når dei skal rekruttere. Ein del bedrifter i Hordaland slit med å få tak i kvalifiserte medarbeidarar, seier Johansen.

Les saka i Grannar!