Heidra for nynorsk i fjernsynet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ingunn Solheim har denne hausten vore fast innslag i NRK sine valsendingar. Tysdag fekk journalisten frå Førde Kringkastingsprisen 2013, for sitt gode språk.

LES OGSÅ: Heidra Berge for godt språk

Privilegerte nynorskbrukarar
– Det var utruleg kjekt å få høyre at eg har eit klart og forståeleg språk. Det er det eg i min jobb skal bruke språket til, sa Solheim då ho tok imot prisen, og la til:

– Det har aldri vore noko alternativ til det å bruke nynorsk for meg. Eg trur språket heile tida må utvikle seg for å bli likt, forstått og brukt. Eg sender ein stor takk til NRK der det både blir sett stor pris på nynorsken og blir gjort eit målretta arbeid for å fram språket. Der er vi som nynorskbrukarar privilegerte.

LES OGSÅ: TV2-anker heidra for nynorskbruk

Konsekvent nynorskbrukar
Juryen la til grunn at Solheim har ein normalisert nynorsk og ein klår uttrykksmåte som gjer henne lett å forstå for alle.

Solheim har arbeidd i fire år som politisk journalist i NRK, i tillegg til TV2 Nyheitskanalen, Kanal 24 og Dagens Næringsliv.

Juryen sette pris på hennar konsekvente bruk av nynorsk over fleire år, men hennar innsats under haustens valsendingar og på sosiale medier vart særleg løfta fram:

«Solheim er alltid vel førebudd. Ho stiller klåre spørsmål og er ikkje redd for å gå tett på dei ho intervjuer. Ho tar også med seg nynorsken på Twitter, der følgjarane får jamlege oppdateringar frå arbeidet med valdekkinga i NRK.»

«Juksa litt»
Kringkastingsprisen blir kvart år delt ut av Kringastingsringen til ei røyst i eteren som utmerkar seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte bruker nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet. Prisen er eit grafisk blad av kunstnaren Per Kleiva.

Prisen vart første gong delt ut i 1978. Tidlegare mottakarar er mellom anna komikar og kåsør Are Kalvø, NRK-journalist Ingerid Stenvold, tidlegare NRK-journalist Audhild Gregoriusdotter Rotevatn og tv-kokk Ingrid Espelid Hovig, kjent for å «juksa litt» då ho laga mat.