Legg seg flat etter mattetabbe

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ein god ide, dersom det ikkje hadde vore for at rådet bryt med opplæringslova, seier Kristine Tofte til TV2.

Ho er mor til 12 år gamle Liva som går på Leirvik skule, og reagerer sterkt på eit brev elevane i sjuande klasse har fått med heim til foreldra.

I brevet, som er skrive av forfattarane bak læreboka Grunntal 7, blir foreldra oppmoda om å følgja godt med når borna gjer matteleksene sine, og mellom anna hindra dei frå å rekna meir enn medelevane sine.

– Det dei føreslår er at me skal bremsa barnet og ikkje gå lengre i pensum enn kva læraren alt har gjort på skulen, meiner Tofte.

Bodskapet i brevet er mellom anna at det kan bli keisamt å vera på skulen for elevar som ligg føre skjema, og at det difor er ein fordel om heile klassen ligg på same nivået.

Tofte viser til at det i opplæringslova er krav til tilpassa opplæring for den enkelte elev, og at ei slik oppmoding til foreldra difor er heilt uakseptabel.

Etter å ha blitt konfrontert med Tofte sitt ankepunkt, vedgår rektor Bjarte Bongom overfor TV2 at brevet ikkje skulle blitt sendt heim med elevane.

– I ettertid ser me at det kanskje var ein glipp, og at det ikkje skulle bli sendt med i det heile, seier Bongom til TV2.

Les saka i Sunnhordland!