Leitar etter unge sakprosastjerner

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tidsskriftet Syn og Segn har lyst ut ein essaykonkurranse for ungdom under 28 år som skriv nynorsk, med frist 10. oktober. Vinnaressayet blir premiert med 4000 kroner.

– Essayet er ein krevjande sjanger, men òg ein sjanger der forfattaren for brukt seg sjølv og vist fram kva han eller ho kan, seier Bente Riise, redaktør i Syn og Segn. Riise håpar at ein slik konkurranse kan vekkje skrivelysta og få uetablerte skribentar til å prøve seg. Ho presiserer at alle innsendte bidrag vil få ei skikkeleg vurdering, og at dette er ein gylden sjanse for dei som kanskje er litt usikre på eigen skriving, og som berre har lyst til å prøve seg. Essay tyder jo faktisk ”forsøk”.

– Tekstar som blir sendt inn bør kunne hamne under merkelappar som kultur, samfunn og politikk, og omfanget bør vere mellom 15 000 og 20 000 teikn med mellomrom. Elles er det ingen reglar. Vi vil at forfattaren sjølv skal brenne for noko og ha noko å fortelje. For å kunne nå ut i dagens mediekvardag er det viktig å ha ei sterk og sjølvstendig stemme, seier Riise og legg vekt på at ho særleg ønskjer at unge kvinner skal delta i konkurransen.

Syn og Segn kan neste år feire 120 års jubileum og heilt sidan starten har mange framståande skribentar, politikarar og forskarar debutert i nettopp dette tidsskriftet, som er det einaste allmennkulturelle tidsskriftet på nynorsk.