Med moderne teknologi og kompetanse har Geir Kjeilen skapt sin eigen arbeidsplass med utgangspunkt i noko som starta som hobby.

Morten Sæle, Nordhordland
Morten Sæle, Nordhordland

Med god støtte frå Industriutvikling Vest har han no etablert verksemda IR-teknikk, og den første tilsette er alt på plass.

– Dette var ein hobby i utgangspunktet, men no har det fått litt meir kjøt på beinet, seier dagleg leiar Geir Kjeilen.

LES OGSÅ: Då mora vart sjuk, fekk Janne ideen til sin nye jobb

Hovudsatsingsområdet til den nyetablerte verksemda er kontroll og dokumentasjon av kor lufttette bustader og næringsbygg er etter bygging. – Frå januar i år er det krav til at ein uavhengig tredjepart skal kontrollere og dokumentere dette i nye bygg, fortel Kjeilen. IR-teknikk har investert i moderne teknologi for å utføra testane.

Infraraudt kamera

Det som skil dei frå andre ar at dei brukar termografi for å dokumentera avvik, gjennom bruk av infraraudt kamera som registrerer forskjellar i temperatur.

– Det er sjølvsagt folk som har gjort trykktesting tidlegare, men tradisjonelt vart dette gjort med røykpenn for å oppdaga lekkasjar. Vi brukar eit infraraudt (IR) kamera for å dokumentere eventuelle avvik, fortel Kjeilen. Dette gjer at byggherren får ein dokumentasjon som gjer det enkelt å utbetra feil som vert oppdaga, og slipp å leita etter feilen på eiga hand.

LES OGSÅ: Næringshagen får nytt avdelingskontor

Trykktestinga av bygg vert gjort ved at eit rammeverk med tett duk og ei kraftig vifte vert montert opp i ei døropning, og alle opningar som er meint å sleppa inn luft vert tetta. Deretter vert lufta pumpa ut for å registrera om det kjem inn luft plassar der det skulle vore tett.

Mange bruksområde

– Utstyret er kopla opp mot ei datamaskin, og vi får alle resultata ut på ein rapport, forklarar Kjeilen. Teknologien med termografi kan brukast i mange samanhengar, og Kjeilen ser for seg fleire aktuelle område der dei kan bidra med sin kompetanse.

– Termografi kan nyttast innanfor ei rekke område så lenge det handlar om temperatur. Vi kan finna indikasjonar på fukt, sopp og skadedyr i veggar. Sjølv små veps har ei anna temperatur enn omgjevnadene.

Ser det takstmannen ikkje ser

Så lenge det er ein skilnad i overflatetemperaturen vil utstyret vårt registrera det, heilt ned til 0,1 grads skilnad, fortel Kjeilen.

LES OGSÅ: UniMicro årets bedrift

Han har sjølv hatt utstyret med seg på visning av bustader for sal for å testa det ut mot nye bruksområde.

– Meklarane har vore svært interesserte, og lurer på kva eg ser. Eg ser alt det takstmannen ikkje ser, er svaret mitt då, seier Kjeilen, som ser for seg at denne typen teknologi vil bli meir og meir verdifull i samband med sal av bustader.

Industriutvikling vest har vore ein viktig støttespelar i oppstarten.

LES OGSÅ: Sjukepleiarprisen til Reidun Valde

– Vi tok kontakt med Kjeilen for å få høyre kva dette gjekk i, og ville vera med å utvikla ideen vidare, seier Børge Brundtland i Industriutvikling vest, som legg vekt på at det er viktig for gründerar å stå fram med ideane sine.

– Ideen låg der, men det å ta det til meir enn ein hobby og få ein tilsett er noko mange nok vegrar seg for, seier Kjeilen.

Veksande marknad

– Ein får meir ansvar, og må yta meir for å halda verksemda med arbeid, og det er ikkje så skummelt som mange trur, seier han.

– Det er så absolutt ei veksande marknad. For oss er det berre å stå på og vera den flinkaste i klassen så vi blir føretrekt framfor andre, seier Kjeilen, som har stor tru på framtida.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.46

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE