Framande fuglar i verda

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For Framstegspartiet vart den utanlandske dekninga av stortingsvalet eit stygt skar i gleda over mogleg regjeringsmakt. Britiske The Independent kalla Frp eit «antiinnvandrarparti med band til massemordaren Anders Behring Breivik» i oppslaget om det norske valet og illustrerte saka med bilete av Siv Jensen og Breivik. «Breiviks parti mot regjeringsmakt», skreiv italienske Corriere della Sera. Og ei lang rekkje andre medium rundt i verda trekte fram Breiviks fortid i partiet i omtalen sin av stortingsvalet.

Da Frp tysdag inviterte til pressekonferanse for å korrigere inntrykket omverda har av partiet, vart det eit slag i lufta. Berre fire utanlandske korrespondentar i Noreg møtte opp, og ingen av dei laga saker om pressekonferansen.

Å presentere Frp som «Breiviks parti» er openbert stygt og urimeleg. Men kan det vere meir enn vankunne om norsk politikk som gjorde at Framstegspartiet vart framstilt som det vart ute i verda?

Naturleg å nemne
Reuters-journalist Alister Doyle har arbeidd i Noreg i sytten år og bidrog til dekninga av det norske valet. Han var til stades på pressekonferansen til Frp og tykte det var ein pussig seanse.

– Kritikken frå Frp var mest retta mot utanlandske medium som ikkje var til stades. The Independent og Corriere della Sera har jo ikkje eigne folk i Noreg. Og dei utanlandske korrespondentane som var der, veit ganske godt kva Frp er for noko, seier Doyle.

Også Reuters-artikkelen om stortingsvalet nemnde at Anders Behring Breivik var tidlegare Frp-medlem. Doyle meiner dette var rimeleg å ta med i saka.

– At Breivik var Frp-medlem, var naturleg å nemne i ei sak om dette valet, men vi gjorde ikkje det til noko hovudpoeng. Å bruke bilete av Siv Jensen og Breivik, slik The Independent gjorde, var å gå for langt, seier Doyle.

Særnorsk parti
– Eg skjønar godt at Frp mislikar å bli knytte til Breivik. Men den koplinga vil ta slutt om folk får sjå at Frp er slik partileiarane no seier at det er.

I Reuters-saka om valet vart Frp omtala som eit «anti-immigrant populist party». Det er ei grei oppsummering, meiner Doyle.

– Som ei enkel skildring meinte vi det var dekkjande. Men det er alltid vanskeleg å skildre eit parti med berre to–tre ord. Vi vurderer ordbruken løpande.

– Kan du skjøne frustrasjonen i Frp over å bli samanlikna med partia langt ute på høgresida i andre land?

– Det kan eg nok. Men dette er eit vanskeleg parti å definere. Frp har ikkje søsterparti i andre land. Ketil Solvik-Olsen seier at partiet gjerne vil samarbeide med Det konservative partiet i Storbritannia og Moderaterna i Sverige, men dei gjer jo ikkje det. Frp er vanskelege å plassere, fordi partiet er så særnorsk.

Delar av retorikken til Frp gjer det forståeleg at partiet blir assosiert med sterkt innvandrings-fiendtlege parti i andre land, meiner Doyle.

– Eit omgrep som «snikislamisering» liknar på språkbruken som partia lengst ute til høgre brukar i Storbritannia. British National Party har til dømes snakka om «creeping islamization» – «snikande islamisering».

QUIZ: Kva veit du om Framstegspartiet?

Lite hyggjeleg
– Eg kan forstå at Frp er urolege. Det er ikkje hyggjeleg å bli knytte til Anders Behring Breivik, seier Bjørn Lindahl. Han har i tretti år vore Oslo-korrespondent for Svenska Dagbladet og var òg til stades på pressekonferansen.

– Om Frp skal inn i regjeringa og skal møte statsrådkollegaer i andre land, er det ikkje bra om Frp blir oppfatta som Breiviks parti. Men det er naivt å tru at ein kan kalle inn nokre journalistar i Oslo og endre dette.

Også Lindahl meiner det er naturleg at utanlandske medium trekkjer inn Breivik og 22. juli i dekninga si av stortingsvalet.

– Svært mykje av dekninga av Noreg dei siste åra har handla om Breivik og terroren hans. Utanlandske journalistar skal prøve å forklare kva som skjer i dette fabelaktige landet, som takla terroren med rosetog og talar om kor mykje kjærleik vi kan vise. Når så dei raudgrøne taper valet og Frp kjem i regjering berre to år etter, er det òg naturleg å nemne Breivik. Men dette er det første stortingsvalet etter 22. juli – den situasjonen kjem ikkje att, og koplinga vil forsvinne.

Kameleon
– Kan du skjøne at Frp mislikar å bli kalla innvandringsfiendtlege høgrepopulistar?

– Eg kan jo det. Eg har skrive om partiet sidan 1981, og det har alltid vore eit problem å finne ut kva ein skal kalle Frp, dei passar ikkje godt i kategoriane, seier Lindahl.

– Frp er som ein kameleon. Når omgjevnadene endrar seg, endrar partiet farge. Når Solvik-Olsen snakkar, er det éin farge, Siv Jensen er ein annan farge, Tybring Gjedde ein tredje.

Lindahl strekar under at Framstegspartiet skil seg frå høgre-populistiske parti i andre nordiske land.

– I Sverige vil mange automatisk assosiere Frp med Sverige-demokratane. Sverigedemokratane, Sannfinnane og Dansk Folkeparti har som fellesnemnar at dei er innvandringskritiske parti, men det er òg vesentlege skilnader på partia, seier Lindahl.

– Eg trur dei fleste i Sverige har fått med seg at Frp er annleis enn Sverigedemokratane. I Sverige er Sverigedemokratane heilt frosne ut, både av andre parti i Riksdagen og av pressa. Så kan ein hevde at den svenske debatten har vore for høfleg og korrekt – og at Sverige dermed enda opp med det mest ekstreme av dei høgrepopulistiske partia i Norden.

– I Noreg blir Sverige ofte halde fram som eit skrekkdøme på korleis det går om debatten er for forsiktig?

– Ja, det er vanleg i Noreg å framstille svensk debatt som utruleg politisk korrekt. Og ein del av utsegnene frå Framstegspartiet ville skapt enormt oppstyr i Sverige; her trekkjer folk på skuldrene. I Noreg er takhøgda i debatten større. Det har gode sider, men det er òg negativt for mange når til dømes Tybring-Gjedde snakkar om at Noreg grev si eiga «etniske og kulturelle grav» gjennom innvandringa.

KOMMENTAR: Nokre råd til Frp

Nytt image
Pressekonferansen til Frp denne veka likna eit forsøk på rebranding, retta mot heimepublikummet, meiner Pierre-Henry Deshayes. Han er korrespondent for det franske nyhendebyrået AFP og nøgde seg med å sjå seansen tysdag på nettfjernsyn.

– Den internasjonale pressa har ikkje sagt noko anna om Fram–stegspartiet no enn før: Det har lenge vore omtala som høgrepopulistisk og innvandrings-fiendtleg. Men no når Frp er så nær makta, vil partiet endre image.

Somme av koplingane mellom Frp og Breivik i utanlandsk presse har vore urimelege, meiner Deshayes.

– Men eg synest ikkje dekninga av valet generelt har vore urimeleg. Når Frp kjem til makta to år etter terroråtaka til Breivik, er det noko folk rundt i verda undrar seg over. Det kjem jo ikkje så mange nyhende frå Noreg. Og Anders Behring Breivik er dessverre verdas mest kjende nordmann, seier Deshayes.

– 22. juli er ferskt i minnet. Da såg verda at Noreg reagerte på terroren med toleranse, demokrati og forsvar for fleirkulturen. To år etter kjem det mest innvandringsfiendtlege partiet i landet til makta. Dei to tinga har ikkje med kvarandre å gjere, men det er ikkje rart at mange undrar seg.

Populistisk
– Framstegspartiet er ikkje heilt lett å omsetje til andre politiske kontekstar. Trur til dømes franskmenn at partiet er som Nasjonal Front?

– Eg ønskjer ikkje å samanlikne Frp med Nasjonal Front, og eg registrerer at statsvitarane meiner Frp er meir moderate enn liknande parti i Europa. Men det er dekning for å seie at det er eit høgrepopulistisk og innvandringsfiendtleg parti. Eg har aldri høyrt folk frå Framstegspartiet seie noko positivt om innvandrarar – når dei snakkar om innvandrarar, handlar det berre om kostnader, belastningar og kriminalitet. Men om Frp endrar retorikken sin, vil eg endre framstillinga mi av partiet.

Omgrepet populistisk er uproblematisk å bruke om Frp, meiner Deshayes.

– Partileiaren har sjølv kalla Frp populistisk, og dei fleste statsvitarar brukar det om partiet. Det burde vere ukontroversielt.

LES OGSÅ: Til angrep på den norske modellen

Saknar parallell
Også i Tyskland vart Anders Behring Breivik mykje nemnd i dekninga av det norske valet, seier Clemens Bomsdorf, tidlegare Norden-korrespondent for Die Welt. Han har ikkje dekt valet sjølv i haust, men har følgt med på dekninga i Tyskland.

– 22. juli har ikkje vore noko hovudtema i den tyske dekninga, men nesten kvar artikkel om valet har òg nemnt Breivik, og det vart ofte trekt fram at han hadde vore medlem av Framstegspartiet.

Også i Tyskland er det vanskeleg å forklare heilt kva slag parti Framstegspartiet er, meiner Bomsdorf.

– Det finst ikkje nokon god parallell i Tyskland, vi har ingen store parti som liknar. Det blir gjerne sagt at Frp er høgrepopulistisk, men vi høyrer mindre om den liberalistiske sida til partiet.

Å forklare utfallet av det norske valet er òg eit problem for dei tyske media, seier Bomsdorf.

– Mange synest det er merkeleg at regjeringa ikkje vart attvald, sidan det går så bra med Noreg. Og alle tykte at Stoltenberg hadde handtert 22. juli så godt. I Tyskland er vi nok meir opptekne av stabilitet. Men kan hende kjenner folk at det går så bra med Noreg uansett, at dei kan prøve noko nytt utan særleg risiko?

Les saka i Dag og Tid!