Nokre råd til Frp

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sidan journalistar ikkje likar Frp, og eg ikkje likar journalistar, fann eg ut at den beste valvaka måtte vera Frps på baren Ballroom. Det starta i grunnen nokså dårleg, ikkje for journalist-ane, men for Frp-arane. Straks etter valdagsmålingane klokka ni spurde ein ung innvandrartilsett meg nervøst: «Vert alt endra no?» «Nei», svara eg, «dei må ha stønad frå KrF, du kan slappa av.»

Eg har framleis litt dårleg samvit for det svaret, for Frp treng ikkje KrF, og med det er posisjonen til Frp styrkt og KrFs svekt, og det same kor mykje Trine Skei Grande insisterer på at KrF skal med. Frp har vore det evige toget i natta, no er dei endeleg inne på stasjonen. Spelar dei korta rett, kan dei verta ei kraft for eit betre Noreg.

To krav gjekk att hjå Frp-arane eg tala med måndagskvelden: mindre innvandring og meir veg. Båe krava er vituge, og båe krava bør dei lett få gjennomslag for. Dei andre sentrale elementa i politikken til Frp, meir til helse, lovfest eldreomsorg og mindre skatt, rekna dei med at partiet i alle høve ville få gjennomslag for sidan dei andre borgarlege partia, med unnatak av KrF i skattespørsmålet, har liknande krav og ynske.

Men, var det òg brei semje om, Frp må vera det siste partiet som går inn i regjering. «Vi må vera dei tøffaste forhandlarane og gje veljarane våre eit klårt inntrykk av at vi står på krava», som ein sentral politikarar sa det. Så lat meg freista å tenkja som ein Frp-ar og gå gjennom kravlista.

Nei til bompengar
Frp har ikkje stilt mange ultimatum i denne valkampen, noko som sjølvsagt har vore vitugt sidan det har skapt eit inntrykk i veljarmassen av at det vert ei ny borgarleg regjering. Men eitt har dei stilt: Samferdselspolitisk talsmann Bård Hoksrud har sagt at bompengar skal bort. Så underleg det enn høyrest ut, så er det faktisk eit nokså vitugt krav, for bompengar er både dårleg vegpolitikk og dårleg finanspolitikk. Vegar bør byggjast der folk bur, og når dei fyrst er bygde, bør flest mogeleg nytta dei. Bompengar er øydeleggjande for båe delar.

Dagens bompengeordning gjer at område av landet som elles ikkje ville ha fått ny veg, får ny veg og med det dreg utbyggjingsressursar bort frå delar av landet som burde ha fått ny veg. I dag vert norsk vegpolitikk langt på veg avgjord av lokale aktivistar med gode kontaktar inn i regjeringsapparatet. Bompengar gjer òg at folk nyttar mindre bil enn dei elles ville ha gjort, noko som i sin tur reduserer inntektene i statskassa. Og i staden for bil nyttar folk ulike typar kollektivtransport som er subsidiert av den same statskassa og som så gjer at staten må byggja ut meir dyr kollektivtrafikk. Dessutan er transaksjonskostnadene ved bompengar svært store. Bom-peng-ar gjer òg at politikarar slepp å prioritera innanfor dei råmene som statsbudsjettet ligg, det er aldri bra.

Feil av Solvik-Olsen
Nei, sjølvsagt vil ikkje Frp få gjennomslag for å avvikla alle bomstasjonar, men eit rimeleg krav er at medan Frp sit i regjering, bør ny vegutbyggjing koma via skattesetelen, og om bompengar skal krevjast inn, bør det berre skje i rushtida. Men kva hende denne veka? Ketil Solvik- Olsen sa at ultimatumet frå Hoksrud ikkje var alvorleg meint. Alt før tinging-ane er i gang, har Frp altså tinga bort eit sentralt element i Frps samferdselspolitikk og med det gjeve signal til dei andre partia om at Frp er eit lett bytte. Slik fører amatørar tingingar.

Men eldreomsorga, då? Kva bør Frp meina om eldreomsorga og helse i tingingane? Nokså lite etter mitt syn. Høgre garanterer for at Frp får gjennomslag for feil politikk, nemleg meir vitlaus pengebruk og meir byråkrati. Av ein eller annan grunn har det fest seg ein myte i Noreg om at vi har ei uverdig eldreomsorg, særleg har TV2 masa om dette heilt sidan kanalen starta. Det motsette er sanninga, ingen land har fleire over åtti i langtidsomsorg, ingen land nyttar meir pengar, ingen land har like mange pleiarar, lista går og går. Norske kommunar har vist seg som svært effektive leverandørar av eldreomsorg, og det utan at staten har blanda seg særleg inn. Likevel vil Frp ha lovfest rett til eldre-omsorg, og det kjem dei til å få. Mindre kommune, meir stat, fleire rettssaker og tusenvis av formelle klager vert resultatet.

Sanninga er at vi aldri vil få ei perfekt eldreomsorg her til lands. I dag får 50 prosent av innbyggjarane over åtti offentleg finansiert eldreomsorg, og vi har over 40 omsorgsarbeidarar per 100 over åtti. SSB seier at det truleg vert ei femdobling av 80-pluss-gruppa i Noreg dei komande tiåra. Frp har lova veljarane ei mykje betre eldreomsorg, og det kjem dei til å få svi for sidan det er umogeleg. Det luraste dei kan gjera, er å halda munn i tingingane og taka på seg minst mogeleg ansvar.

Høgre helseutgifter
Det same gjeld for helsefeltet; også der er Høgre ein garantist for feil politikk. Ja, Noreg treng eit privat helsestell. Det er ein føremon for oss alle om dei som har råd til det, finansierer behandling via eiga lommebok. Ei slik åtferd avlastar det offentlege helsestellet og er i praksis ein friviljug ekstraskatt for folk med pengar. Men når Høgre no vil at private sjukehus skal verta jamstelte med offentlege når det kjem til finansiering over statskassa, vil det føra til ein sterk aktivitetsauke, som så vil føra til mindre pengar til andre felt. Frp bør altså liggja lågt på dette feltet og overlata ansvaret til Høgre. Helse og eldreomsorg er i alle høve felt ein berre kan vinna frå opposisjon, aldri i posisjon.

Også i skattepolitikken bør Frp halda munn. Ja, dei har bygt opp store forventningar om skatte-lette, men sanninga er òg at Frps veljarar høyrer til låginntektsgruppene, som alt no betaler relativt lite i direkte skattar. Om dei skal blinka seg ut eitt krav på dette feltet, må det vera eit større botnfrådrag, som vil gje dei med lægst inntekter dei største skattelettane. Ja, det finst gode økonomiske grunnar til å fjerna formueskatten, og Frp kan gjerne vera med og taka æra for det, men sidan dei andre borgarlege partia òg vil avvikla eller redusera formueskatten, så kjem det til å skje i alle høve. Diverre går alle dei borgarlege parti inn for å fjerna arveavgifta, den mest vituge av alle skattar, så då skjer også det. Lågskattepartiet Frp er no ein del av ein konstellasjon som i alle høve garanterer skattelettar; dei bør vera nøgde og ikkje fremja særkrav.

LES OGSÅ: Må ha støtte frå Frp og sentrum

Strengare innvandrings-politikk
På eitt felt har Frps krav berre positive sider for Noreg, og det er på innvandringsfeltet. SSBs innvandringsrekneskap viser at ein gjennomsnittleg somaliar kostar statskassa ni millionar nettokroner gjennom livet, då er ikkje integreringskostnader tekne med, og ein reknar òg med at den gjennomsnittlege somaliar ikkje tek ut fleire offentlege tenester enn gjennomsnittsnordmannen, og det jamvel om all tilgjengeleg statistikk syner at innvandrarar frå den tredje verda til dømes tek ut meir helse- og skulekostnader enn nordmenn. Om dagens innvandringspolitikk held fram, står Noreg andsynes ein minst like stor kostnad som eldrebylgja. Noreg er no Europas fremste innvandringsland, og det endå vi veit at velferdsstaten ikkje kan overleva om dette held fram.

Frp har vore det einaste partiet som har vore ærleg på innvandringsfeltet, og veljarane vil aldri tilgje partiet om dei ikkje no får gjennomført det dei har lova. Berre i august kom det 1616 asylsøkjarar til Noreg, som er det høgste talet på fire år. Med dagens politikk vil 70 til 80 prosent av dei få opphald, og svært mange av desse som kjem, kan ikkje eingong lesa eller skriva.

Gje amnesti til asylborna
Frp krev lukka asylmottak, dei bør stå på det kravet for asylsøkjarar frå land vi i alle høve ikkje gjev asyl til. Frp krev at ein må ha ei årsinntekt på 429.000 kroner for å henta ektefelle til Noreg frå land utanfor EØS. Og Frp vil ikkje lenger gje opphald på humanitært grunnlag, altså til menneske som ikkje er politisk forfylgde. Alle desse krava bør vera absolutte. Dei må rett nok gje noko i byte til mellompartia. Eitt område peikar seg ut: asylborna. Dagens regjering har late denne verkebyllen veksa og veksa; ikkje har dei fått opphald, og ikkje har dei vorte transporterte ut. Frp bør akseptera eit amnesti for dei familiane med born som har vore her lenger enn tre år. Frp bør òg enkelt og greitt krevja å få posten som justisminister og nytta posisjonen til ein heilt naudsynt gjennomgang av innvandringsfeltet og for den del kriminalitetsfeltet.

Det andre feltet som det bør gjerast noko med, er innvandringa frå Aust-Europa som stort sett berre har negative konsekvensar for norsk produktivitet og den norske velferdsstaten. Seinast denne veka kravde EFTA-domstolen at Noreg må betala ut barnetrygd til fråskilde kvinner som har ein tidlegare ektemann i Noreg. Denne politikken underminerer det norske trygdesystemet. Men det er diverre ingen realisme i å krevja oppseiing eller reforhandling av EØS-avtalen. EØS-avtalen er ei ulukke for Noreg, men det vil gå mange år enno før dei politiske partia forstår dette.

Les siste politisk nytt!

75 milliardar å leika med
Så ja, dei Frp-arane eg tala med på måndagskvelden, hadde rett. Frp må skaffa meir pengar til veg og syta for mindre innvandring frå den tredje verda. Om dei maktar dette, har dei vunne, ikkje berre valet, men òg gjort noko vitugt for landet. Det mest vituge av alt hadde sjølvsagt vore ein langt stramare finanspolitikk, men det vil korkje Frp eller noko anna parti ha, og diverre gjev Oljefondet Stortinget 75 nye milliardar å leika med neste år. Det gjev rom for svært mykje. Så lat Venstre få mellombels vern av Lofoten, Miljøverndepartement og utdanning, KrF kan få Kultur- og kyrkjedepartementet og Utviklingsdepartementet, og lat dei for all del få ha Vinmonopolet i fred.

Og til dei som er deprimerte over at vi har fått eit nytt maktparti i Noreg, har eg dette å seia: Demokratiet er aldri sterkare enn når det vert fornya. Frp har jamt over hatt støtte frå ein femte-del av folkesetnaden. Det er på tide at også desse får smaka på både makta og maktesløysa.

Les kommentaren i Dag og Tid!