Regjeringa vil ta i mot fleire flyktningar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ta i mot fleire flyktningar

Flyktningane skal plasserast i fleire norske kommunar og kjem først om nokre månader, ifølgje NRK.

– Flyktningkatastrofen i Syria blir berre større og større. Nabolanda er i ferd med å knekke saman under presset. FNs høgkommissær for flyktningar seier at om ikkje andre land hjelper til litt med å avlaste det trykket, vil ikkje desse landa vere i stand til å gjere sin del av jobben, seier utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

I Europa er det Sverige og Tyskland som til no har tatt imot flest syriske flyktningar.

I Sverige og Danmark har regjeringane opna for at flyktningar frå dei mest krigsramma områda i Syria kan få automatisk asyl.

Over to millionar syrarar har flykta frå heimlandet på grunn av borgarkrigen. 97 prosent av dei freistar eit ekstremt kummerleg tilvære i leirar i Syrias naboland Jordan, Libanon og Tyrkia. Over halvparten av flyktningane er barn. (©NPK)

Les meir om Syria-konflikten her!